Hopp til innhold

Kaotisk ettermiddag på E18

Bil som mista hjul, ulykke i rundkøyring og rådyr på E18 skapte kaos på vegane i Lillesand og Tvedestrand fredag ettermiddag.

Ulykke på E18 i Tvedestrand

Ein bil mista eit hjul på E18 i Tvedestrand. Dette førte til at trafikken i vestgåande felt var stengt i over ein time.

Foto: TEODOR BØ

E18 i Lillesand vart stengd i begge retningar ved 14.40-tida etter at fleire rådyr dukka opp i vegbana.

Omtrent samstundes oppstod det ei trafikkulykke på fylkesveg 420 ved Tingsaker, ikkje langt unna rådyra på E18.

Dette førte til lange køar både på E18 og på omkøyringsvegen.

E18 i Lillesand var stengd i kring 45 minutt før den opna igjen.

Men problema på E18 var ikkje over med det. Ved 15.30-tida kom det melding om ei trafikkulykke ved Laget i Tvedestrand.

Det viste seg at ein bil hadde mista eit hjul. På grunn av midtdelarar var det umogleg å passere då ein lastebil stod rett bak ulykkesbilen.

Over ein time seinare opna vegen att.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %