Hopp til innhold

– Fritidsbåtar kan bli eit miljøproblem

Miljøverndepartementet fryktar at stadig fleire båtvrak kan bli ein miljøtrugsel. Difor vil dei no innføre vrakpant på båtar allereie neste år.

Småbåter

Miljøverndepartementet vil innføre vrakpant på fritidsbåtar

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Arvid Knudsen

Arvid Knudsen.

Foto: Nina Eilertsen/NRK

Øyvind Vimmereid

Øyvind Vimmereid.

Foto: Nina Eilertsen/NRK
– Vi har tidlegare vurdert at fritidsbåtar ikkje utgjer eit miljøproblem, seier statsråd Henriette Killi Vestrin til NRK.

– No meiner ein at talet er så stort at det kan komme til å bli eit miljøproblem i nær framtid. Difor meiner vi det er viktig å få til ei returordning, seier ho.

5000 kasserte båtar

Det er i dag ein million småbåtar i Norge. Kvart år vert 5000 båtar kassert, men berre ein brøkdel av desse går til gjenvinning.

Avfall Sør sitt anlegg på Støleheia i Kristiansand har hittil i år berre teke imot 15 båtar.

– Der eg har båten ligg det tre-fire vrak som eigaren burde ha fjerna, seier renovasjonssjef i Avfall Sør, Frode Rosland.

– Dyrt å bli kvitt båten

Båteigar Arvid Knudsen frå Kristiansand ynskjer vrakpant på båt hjarteleg velkommen.

– Eg har høyrt at det kan vere frykteleg dyrt å bli kvitt båten, då er det lettvint å hive den ein stad. Eg reknar med at eigaren får nokre kroner gjennom vrakpant, seier han.

Også Øyvind Vimmereid meiner vrakpant på båt er positivt.

– Det høyrest veldig fornuftig ut. Ute i skjergarden er det ganske mange som sikkert hadde trengt litt motivasjon til å bli kvitt vrak med ein vrakpant, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %