Hopp til innhold

Kaldaste gjennom 140 år

Både i Buskerud, Telemark og Aust-Agder vart det sett kulderekordar natt til fredag. Aldri før har det vore så kaldt i november i dei tre fylka.

Kulde Hovden

BRRR: Gradestokken viser nesten minus 25 grader på Hovden på bilete. I løpet av natta var det heile 29,4 minusgrader på Hovden.

Foto: Gro Irene Skjellanger

På Hovden vart det målt 29,4 minusgrader natt til fredag. Det er tre grader kaldare enn den gamle rekorden frå 2002. I løpet av dei 140 åra målestasjonane har vore i drift, har det aldri vore så kaldt på Hovden i november.

– Det er det kaldaste som har vore målt ved dei offisielle vêrstasjonane til meteorologisk institutt i Aust-Agder dei siste 140 åra. Dette er veldig spesielt, seier vêrstatistikkar Bernt Lie til NRK.no.

Kaldare i Buskerud

– Det er kanskje ikkje så rart at Hovden hadde den gamle rekorden, men når den vert flytta med meir enn tre grader er det spesielt, seier han.

På Dagali Lufthavn i Buskerud var det heile 30,6 minusgrader i natt. Også det er meir enn tre grader kaldare enn den gamle rekorden i Buskerud, skriv nettstaden Vær og Vind.

Slo 37 år gammal rekord

I Telemark vart ein 37 år gammal rekord sletta i natt. Minus 23,4 grader på Høydalsmo er minus 0,3 grader kaldare enn den gamle rekorden på Gvarv.

Bernt Lie fortel at det kan bli endå kaldare dei siste dagane i november.

– Eg ser ikkje vekk ifrå det. Først tysdag kveld klokka 19 stoppar vi målingane for november. Då loggar datamaskinene ut det som har vore det lågaste. I tillegg kan ein få rekna ut månadsmiddeltemperaturane. Dei kan bli særs låge, seier Lie.

– Når ein hutrar seg gjennom ein kald dag eller natt kan det kanskje vere ei viss tilfredstilling at det er sett nye rekordar, seier han.

Åtvarar mot kulda

Statsmeteorolog Kristen Gislefoss åtvarar folk langs kysten om kulda.

– Er det vind vil det vere kaldare enn gradestokken viser. Dess kraftigare vinden er, dess kaldare vil det følest. Kjem det opp i frisk bris skal ein vere litt på vakt med tanke på forfrysningar dersom ein skal vere ute lenge, seier han til NRK.no.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %