Hopp til innhold

Rune (50) sette uoffisiell verdsrekord i vaffelsteiking

Han trudde at 50 års dagen skulle passere i det stille. Men i staden kan Rune Jenssen kan bli ein del av Guinness Rekordbok.

Han trudde at 50 års dagen skulle passere i det stille. Men i staden kan Rune Jenssen kan bli ein del av Guinness Rekordbok.

– Det var ei stor overrasking. Det er mange kameratar som har laga eit arrangement med eit veldig avansert vaffeljern. Dei stod med kokkeantrekk og serverte vaflar då eg kom på jobb i dag, seier Jenssen.

Rune Jensen

Her prøver jubilanten «vaffelmaskina» for første gong.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

Han ana fred og ingen fare då han gjekk på jobb på bilforhandlaren Chr. Repstad & Sønner i Grimstad onsdag morgon.

Busslast med publikum

Men då han opna porten vart han møtt av vaffellukt, jublande vener og kolleger og eit stort banner med tittelen «Guinness rekordforsøk».

– Fram til i dag har han vore kjend for ein appetitt som strekker seg langt utover kva vanlege vaffeljern kan levere, seier kameraten Torleiv Aas som er ein av initiativtakarane.

– Dette er ein liten venneteneste. Han skyr jo publisitet. Han er flink med maskiner, så no får vi sjå om han kan hamne i rekordboka, seier Jens Christian Fjeldal.

Vaffeljern

Det kan steikast sju vaflar samstundes.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

– Eg er så stolt

50-åringen fekk nokre timar til å trene seg på den splitter nye «vaffelmaskina» som kan steike sju vafler samstunds.

Oppdraget var enkelt og greit å steike flest mogleg vafler i løpet av 15 minutt.

Jenssen klarte 41 vafler - strengt kontrollert av ein prest. Eigentleg skulle politiet også ha vore der, men på grunn av utrykning var det berre presten som var tilstades under rekordforsøket.

– Eg er så stolt. Dette var moro. Eg trur ikkje rekorden er mogleg å slå. Den kjem til å gå lenge, ler Jenssen.

Sender rekordsøknad

No skal kameratane sende søknad om å få godkjent vaffelrekorden av Guinness Rekordbok.

– Så langt vi kan sjå er det ingen som har klart så mange tidlegare. Det er jo berre å prøve seg heime. Dette skal vere vanskeleg å slå. No skal vi sende inn bilete og video for å få rekorden godkjent, seier Torleiv Aas.

50-åringen hadde også publikum. Eit busslast med vaffelsvoltne bebuarar frå Frivolltun bu- og omsorgssenter var tilstades både for å sjå på rekordforsøk og ikkje minst smake på vaflene.

– I løpet av dagen har vi steikt mellom 400 og 500 vafler. Folk har ete og kosa seg heilt vanvittig, seier Aas.

Rune Jensen, Torleiv Aas og Jens Christian Fjelldal

Rune Jenssen (i midten) saman med kameratane Torleiv Aas og Jens Christian Fjelldal.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %