Den norske BMC-ryttaren kom ikkje i god nok posisjon til å kjempa om sigeren.
For tyske Kittel blei derimot oppløpet akkurat slik han ville ha det. 25-åringen spurtslo Peter Sagan og Taylor Phinney.
– Laget gjorde ein stor jobb med å få meg i god posisjon. Eg måtte sjølv gjera jobben på dei siste 500 metrane. Eg er stolt, sa Kittel ifølgje Cyclingnews.
Etter etappen fekk Hushovd skryt frå BMCs sportsdirektør Max Sciandri.
– I dag var laget veldig bra. Vi har erfarne Thor Hushovd som alltid passar på at vi gjer det vi skal. Han er ein kapteinstype for oss, sa Sciandri.
Mark Cavendish fekk ei frustrerande avslutning på etappen. Den engelske spurtkongen blei låst inne i midten av feltet og måtte sjå rivalane framfor seg kjempa om sigeren. Omega Pharma-ryttaren trilla i mål som nummer 30.
Hushovd og BMC kan framleis gle seg over at Phinney leier Dubai rundt samanlagt etter to av fire etappar. Amerikanaren har ei leiing på 15 sekund ned til lagkamerat Steven Cummings.