Hopp til innhold

Her lever dugnadsånden

Kring 100 frivillige brukar fleire tusen timar på å lage handballfest i Sør Amfi på heimekampane til ØIF Arendal. Vi var med på innspurten før kampen mot Bækkelaget/Nordstrand søndag.

Arne Øygarden

Arne Øygarden sørgjer for at det vert straum på presseområdet i Sør Amfi. Arne er forøvrig faren til Kjetil Øygarden, som tidlegare har spelt for ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Klokka ti søndag føremiddag er dei første frivillige på plass i Sør Amfi. Dei skal lage klar hallen til eliteseriekampen mellom ØIF Arendal og Bækkelaget/Nordstrand klokka 18.

Per Carsten Michelsen

Per Carsten Michelsen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– No har vi lagt kampgolvet, og sett opp reklameskilt. Den største jobben er å leggje golvet, seier arrangementssjef Per Carsten Michelsen til NRK.

– Som ei lita bedrift

I tillegg til sjølve kamparenaen skal forholda leggjast til rette for publikummarane som kjem for å sjå eliteserielaget i aksjon.

Både kiosk, parkering, billettsal og VIP-område må vere i orden til over 1000 menneske kjem i hallen.

– Det er som ei lita bedrift kvar gang det er heimekamp, seier arrangementssjefen.

Han har ansvaret for at alt skal gå etter planen. Vaflar skal steikast, kaffi skal kokast, storskjermen må opp å gå, og spelardraktene må på plass til spelarane kjem i garderoben.

– Dette er godt vaksne menneske som er vande med å ta ansvar. Når vi set oss ned har vi gode planar og alle veit kva dei skal gjere når dei kjem i hallen, seier han.

Lukta av vaflar

Allereie i mingle-området ved inngangen kan du kjenne lukta av nysteikte vaflar. 1,5 liters brusflasker er fylt med vaffelrøre, som dei frivillige har hatt med seg. Ingen har oversikt over kor mange vaflar som vert steikt, men alltid vert dei utselde før eller etter pausen.

– Vaflar høyrer med på handballkamp, smiler May Helen Mønnik, som er ei av dei som steiker vaflar.

– Korleis er det å vere med på dugnaden?

– Vi er ein flott gjeng. Alle stiller opp så sant dei kan. Det er berre bra, seier ho.

May Helen Mønnik og Tove Mette Kåstad

May Helen Mønnik og Tove Mette Kåstad har stålkontroll på vaffelsteikinga.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Dette er heilt topp

I etasjen over er Reidun Heia Pedersen i gang med å lage til VIP-området. Ho er mor til ØIF-kaptein Eirik Heia Pedersen.

Ho har også hjelp av Turid Paulsen som er mor til landslagsspelar, og ØIF-spelar Sondre Paulsen.

Turid Paulsen og Reidun Heia Pedersen

Turid Paulsen og Reidun Heia Pedersen har kontroll på VIP-området.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er heilt topp. Vi set av dagen til dette. Vi tykkjer dette er veldig koseleg, seier dei.

Borda er dekka med glas, bestikk og blomster. Alt er klart til å ta imot gjestene.

– Er det ikkje flott, smiler dei.

Ute i hallen vert lydanlegget testa. Alt er som det skal. Også storskjermen får seg ei runde med testing. Også den ser ut til å fungere som den skal.

Magne Tengelsen styrer storskjermen, medan Knut Georg Kvifte er speaker.

– Før kamp er det alltid kaos, men når kampen startar er alt i orden, ler Tengelsen.

– Det er kjempeartig. Vi er ein god gjeng. No har vi halde på sidan i fjor haust i det nye anlegget, og no fungerer alt som det skal, seier Kvifte.

Magne Tengelsen og Knut Georg Kvifte

Magne Tengelsen og Knut Georg Kvifte sjekkar at storskjermen og lyden fungerer som den skal.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Kjem til «dekka bord»

Nede i kjellaren i Sør Amfi er alt klart til å ta imot spelarane. Trygve Røisland har lagt ut drakter og shortsar nummervis.

– Her ligg draktene etter nummer slik dei skal. Så gutane går rett på plass og tek sitt, seier han.

Oppgåva til Røisland er å sørgje for at spelarane skal ha minst mogleg å tenke på før kamp. Drikkeflaskene skal vere fulle og handballklisteret skal vere på plass.

– Spelarane treng ikkje vere fokusert på andre ting enn å spele handballkamp. Trygve legg alt til rette for dei, seier arrangementssjef Per Carsten Michelsen.

Som regel er Trygve Røisland i hallen under pausane. Men han har likevel fått med seg trenar Leif Gautestad sine utblåsingar når laget ikkje følgjer planen hans.

– Det har eg høyrt. Difor er det veldig greitt å vere inne i hallen, ler han.

– Kan han bli skikkeleg sint?

– Han kan bli forbanna, ler han.

Tryge Røisland

Trygve Røisland har full kontroll på utstyret spelarane treng til kamp. Her er han i garderoben to timar før kampstart. Draktene ligg fint på plass på benken i bakgrunnen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Sosialt og moro

To timar før kampstart samlast dei fleste funksjonærane i kantina i hallen. Her får dei servert pizza. Mange av dei har vore i Sør Amfi i seks timar allereie.

Stemninga er god og latteren sit laust rundt borda.

– Vanlegvis er det lapskaus. Det kjem litt an på kor god tid kokken vår har, seier Michelsen.

– Vi må fylle på litt. Dei er jo så engasjerte at dei misser fleire kilo under kampen. Dei må ha litt å gå på, ler han.

På spørsmål om kva som gjer at dei orkar å bruke time på time på dugnad i Sør Amfi er det eitt svar som går att. Nemleg det sosiale.

– Det er det sosiale. Så er jo mange av spelarane lokale. Vi har kjent dei sidan dei var små og vi har følgt dei i oppveksten, seier ei av dei.

Matpause før kamp

Mange av dei frivillige tek seg tid til ein matbit to timar før kampen mot Bækkelaget/Nordstrand brakar laus.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– No kjem nervane

Billettscanning i Sør Amfi

Over 1000 billettar vert skanna ved inngangen til hallen.

Foto: Sander Heggheim/NRK
Per Carsten Michelsen, ØIF Arendal

Per Carsten Michelsen meiner alt er klart før kamp. I bakgrunnen vert trenar Leif Gautestad intervjua. Intervjuet blir sendt direkte på storskjermen i hallen.

Foto: Sander Heggheim/NRK
ØIF-supporter

«Super supporter» klar for kamp.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Ein time og eitt kvarter før kampstart dukkar dei første publikummarane opp ved inngangen.

Billettane vert kontrollert og hallen vert fylt opp. Alt går som det skal.

– No kjem nervane. Vi har eit sendeskjema vi prøver å følgje no inn mot kampen. No skal vi straks i gang med intervju på storskjermen før kampen. Men vi er i Arendal, så ei lita blemme trur eg folk toler, om noko skulle gå gale, smiler arrangementssjefen.

Kampen vert blåse i gang. Forventningane er store, og alle forventar ØIF-siger. I kioskane vert det selt kaffi, vaflar, brus og sjokolade til den store gullmedalje.

Men gull er det definitivt ikkje ute på bana.

Bortelaget har overtaket og ØIF Arendal klarer aldri å hente inn igjen firemålsforpranget, som motstandaren opparbeidde seg tidleg i andre omgang.

– Vil gi noko tilbake

Ved kampslutt viser resultattavla 22–26 til Bækkelaget/Nordstrand. Trenar Leif Gautestad er særs skuffa. Skuffelsen blir ekstra stor når han tenkjer på innsatsen og arbeidet alle dei frivillige har lagt ned.

– Det er fantastisk å sjå alle menneska som riggar til fest. Det er litt av årsaka til at vi er så skuffa og lei oss etter ein slik kamp, seier han til NRK.

– Eg ser det er så mange som bryr seg om klubben. Då vil du gjerne gi dei noko å gle seg over. I dag klarte vi ikkje det. Men vi har ein fantastisk gjeng som jobbar natt og dag for klubben. Det gjer at eg trur det er håp for oss i framtida sjølv om vi fekk ein stor skuffelse i dag, seier han.

Også kantspelar Sondre Paulsen veit å setje pris på innsatsen til dugnadsgjengen.

– Dei gjer ein vanvitig jobb. Dei står på for oss og det er eit veldig godt miljø. Arendal er ikkje så stor by, slik at vi kjenner alle som jobbar her. Vi er heilt avhengige av den innsatsen dei gjer. Det er imponerande, seier han.

Leif Gautestad, ØIF Arendal

ØIF-trenar Leif Gautestad er imponert over innsatsen dei frivillige legg ned for eliteserieklubben.

Foto: Sander Heggheim/NRK

12–14 timar

Rett etter kampslutt startar arbeidet med å rydde opp.

Det betyr framleis 2–3 timars arbeid på dei frivillige, som ikkje har mista motet sjølv om klubben dei elskar tapte.

Også fleire av spelarane trår til for at ryddinga skal gå raskast mogleg.

– Ryddejobben er ikkje så gøy når vi ikkje vinn. Dei tre ekstra timane kjennest betre når vi har ein siger i lomma, vedgår arrangementssjefen.

– Det blir 12–14 timars dagar for dei som er her lengst. Det er lange dagar, men det er gøy og når vi har ny heimekamp er det påan igjen. Vi får berre bite tennene saman og vere klar til neste kamp, seier han.

Rydding i Sør Amfi

2-3 timar ryddearbeid stod føre dugnadsgjengen etter kampslutt. Til venstre i bilete ser du ein spelar som hjelper til.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %