– Dersom vi held fram som vi har gjort dei siste kampane vil vi komme høgt på tabellen, seier leiar i supporterklubben Svaberget, Reidar Berg Vaule til NRK.
Med seks kampar att står klubben bokført med 37 poeng.
Sørlendingane ligg på 6.-plass som er den siste kvalifiseringsplassen.
– Ein stor bonus
Ein gjennomgang NRK har gjort viser at gjennomsnittet for å kapre ein kvalifiseringsplass har vore 46,3 poeng dei siste ti åra.
Den høgste poengsummen dei siste ti åra er det HamKam som står for. Dei vart nummer seks med 51 poeng i 2011. I 2010 og 2009 heldt det med 42 poeng for å sikre kvalifiseringsplass (sjå fullstendig oversikt nedst i artikkelen).
– Det er framleis ein stor bonus om vi skulle klare kvalifiseringsplass, seier supportersjefen.
Vil unngå Start i kvalifisering
FK Jerv har teke 1. divisjon med storm etter opprykket frå 2. divisjon i fjor. Klubben står berre med fem tap så langt. Det er berre Sogndal og Brann som har tapt færre kampar.
Jerv er også blant dei gjerrigaste laga i 1. divisjon. Dei har berre sleppt inn 22 mål til no. Berre Sogndal (18) og Kristiansund (22) som ligg på direkte opprykksplass har sleppt inn færre eller like mange.
Dersom Jerv skulle klare å kapre ein kvalifiseringsplass og gå heile vegen kan dei møte Start i kampen om ein eliteserieplass. Det vil Jerv-supporteren helst unngå.
– Det hadde vore to ganske sjuke kampar. Men for sørlandsfotballen håpar eg ikkje det blir Start, seier han.
Fire lag kjempar om to plassar
Med seks kampar att ser det ut til at det er fire klubbar som må kjempe om to kvalifiseringsplassar. Det er Sandnes Ulf, Jerv, Ranheim og Strømmen.
NRK har tidlegare fortalt at eit opprykk til eliteserien vil skape store utfordringar for klubben.
– Det vil bli eit problem i seg sjølv. Både banemessig og andre ting vil vere veldig forskjellig frå 1. divisjon, sa styremedlem i klubben, Ola Syse fredag.
Supporterane er klare til å gjere ein innsats dersom dei skulle gå opp.
– Då er det berre å gje all si tid til FK Jerv.Vi er klar, seier Vaule.
Søndag ettermiddag tek Jerv imot Kristiansund som ligg på direkte opprykksplass.
– Det blir ein knalltøff kamp. Det vart uavgjort sist vi møttest, så det skulle ikkje forundre meg om det blir det igjen, seier han.