Hopp til innhold

Mann (40) skal ha prøvd å køyre ned politifolk

Ein 40 år gammal mann skal ha vore nær ved å køyre ned to politimenn då han forsøkte å flykte frå politiet.

Grimstad

Rett før klokka to natt til søndag fekk politiet tips om at ein bil hadde rygga på ein parkert bil på ein bensinstasjon i Grimstad, og deretter stukke frå staden.

Politiet sende ut ei patrulje som etter kvart spora opp bilen med mannen i.

– Politiet gjorde seg til kjenne, men mannen sette opp farten og køyrde rett mot polititenestemennene, som måtte hoppe unna, seier operasjonsleiar Agder-politiet, Per Kristian Klausen til NRK.

Per Kristian Klausen

Operasjonsleiar Per Kristian Klausen.

Foto: Lars Eie / NRK

– Det vert karakterisert som forsøk på vald mot offentleg tenestemann, seier operasjonsleiaren.

Stakk av igjen

Etter kvart fann politiet ut kven mannen var, og dei kunne dermed oppsøke huset hans.

Mannen var heime, men nekta å opne døra.

– Politiet kom seg etter kvart inn i huset, men då la han på sprang opp i andre etasje, fortel Klausen.

Mannen opna eit vindauge og hoppa ut i eit forsøk på å komme seg unna igjen.

Vart send til sjukehus

Ifølgje politiet skal 40-åringen ha landa på eit hellelagt område etter å ha hoppa via ein veranda og eit tak.

Kort tid etter klarte politiet å få tak i han.

– Han er no sikta for promillekøyring og for å ha stukke frå eit trafikkuhell utan å gjere seg til kjenne. Førarkortet hans er også inndrege, seier Klausen.

Mannen vart og send til sjukehus på grunn av ryggskadane han pådrog seg då han hoppa ut frå andre etasje.

– No er han utskriven igjen og er sett i arresten, seier Klausen.

Politiet har kjennskap til 40-åringen frå før.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %