Ulykka skjedde ved Seland Mekaniske verksted med 10-tida tysdag føremiddag. Sørlandet sykehus opplyser at han er alvorleg skada.
Skulelev på utplassering
– Hendinga skjedde i samband med arbeid på eit nyoppsett bygg. 17-åringen er ein skuleelev på utplassering. Han feia taket og datt gjennom ei usikra røykluke, seier operasjonsleiar Magne Storaker i Agder-politiet til NRK.
Ifølgje politiet datt skuleeleven 10 meter rett ned på eit betonggolv.
– Han var bevisst då politiet kom fram til staden, men han har eit ope brot i den eine armen, seier Storaker.
Etterforskast
Saka vil bli etterforska av politiet. Også Arbeidstilsynet er kopla inn i saka.
Det er KLM Hus AS, eit Lyngdals-firma, som er entreprenør på bygget. Leiinga har vore i møte med Arbeidstilsynet etter ulykka.
KLM Hus AS ynskjer ikkje å seie noko til NRK om hendinga, men omtaler ho som djupt tragisk.
Heller ikkje Arbeidstilsynet vil kommentere saka no fordi hendinga er under handsaming.