Hopp til innhold

Grundekjøn gir seg som ordførar: – Det har vore særs givande

Ordførar i Kristiansand Arvid Grundekjøn vil ikkje gå på ein ny periode som ordførar i Norges femte største by.

Arvid Grundekjøn

Arvid Grundekjøn gir seg som ordførar i Kristiansand etter ein periode.

Foto: NRK/Svein Sundsdal

– Eg har komme til at eg ikkje ynskjer å ta ein fireårsperiode til som folkevald i Kristiansand, sa Grundekjøn i ei tale måndag ettermiddag.

Grundekjøn og politikarkollegaer var samla til eit pressemøte på hans private hytte i Kongshavn for å leggje fram det politiske rekneskapen. Det var då han kom med nyheita.

– Særs givande

– Det har vore særs givande å jobbe for fellesskapet på denne måten, ofte med arbeidsdagar på både 12 og 15 timar. I tillegg til å leie politiske møter og prosessar, seier Grundekjøn.

Grundekjøn har vore ordførar i sørlandsbyen sidan 2011.

I talen sin sa han også at han stiller seg til disposisjon som rådgjevar til politikarane som skal styre skuta vidare.

Odd Salvesen i Pensjonistpartiet tykkjer det er synd at Grundekjøn gir seg som ordførar etter ein periode.

– Vi likar det ikkje, men det er ikkje noko å gjere med det. Han må sjølv avgjere om han vil halde fram. Men vi har vore veldig nøgde med han, seier Salvesen til NRK.

Også varaordførar Jørgen Kristiansen er lei seg for at Grundekjøn gjer seg.

– Vi samarbeider utroleg godt og tenkjer likt på veldig mykje. Det som er synd er at Kristiansand får ein ordførar som sit i berre fire år. Jan Oddvar Skisland gjorde det. Per Sigurd Sørensen gjorde det, og no Grundekjøn. Ein treng meir enn fire år på å bli god i rollen, seier Kristiansen.

Arvid Grundekjøn

Grundekjøn tok imot presse og politikarkollegaer på si eiga hytte i Kongshavn.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Trivast i ordførarjobben

Samstundes er han klar på at han har trivast som ordførar.

– Nesten kvar dag har eg gleda meg til å gå på jobb som ordførar, og eg takkar

Arvid Grundekjøn og Ester Dragsholt

Grundekjøn ynskjer partikollega Ester Drangsholt velkommen.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

også rådmann og dei mange elles av kommunen sine tilsette som eg har hatt gleda av å samarbeide med, seier kristiansandsordføraren.

Han la også inn eit varmt ord for Mette Roth, som leiar oppvekststyret.

– Eg har også forstått det som om vår særdeles energiske og dyktige leiar av oppvekststyret, Mette Roth er klar for meir politikk. Etter å ha samarbeidd tett med henne i tre år, er eg overbevist om at ho kan takle ei kvar oppgåve som partiet gir henne, sa Grundekjøn.

Kandidatar til å overta

Roth er eitt av namna som har blitt nemnt som kandidat til å ta over etter Grundekjøn.

Harald Furre har også blitt nemnt. Han har tidlegare vore leiar av Kristiansand Høgre og gruppeleiar i bystyret. Han har også sagt ja til å overta leiinga av Vest-Agder Høgre.

Furre er i dag administrerande direktør i Oxford Research.

Også leiar for oppvekststyret i Kristiansand Mette Roth har blitt nemnt som ein ordførarkandidat i partiet.

Mette Roth

Mette Roth er ein av kandidatane til å overta etter Arvid Grundekjøn.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %