Hopp til innhold

Går gjennom rutiner etter tre voldssaker

Det har vore fleire knivepisodar blant asylsøkjarar på Sørlandet den siste tida. UDI-direktør Tormod Stavenes seier ein må informere asylsøkjarane om kva som blir forventa av dei.

Knvikstikken i Arendal

Onsdag denne veka vart ein asylsøkjar knivstukke i Arendal sentrum. Hendinga føyer seg inn i rekkja av fleire liknande tilfelle den siste tida på Sørlandet.

Foto: Marianne Stene

– Ei kvar slik hending er sjølvsagt noko vi skulle vore forutan.

Det seier UDI-direktør Tormod Stavenes. Han meiner det er to ting som er særleg viktig når slike situasjonar oppstår.

– Det eine er å handtere den enkelte og framtidige situasjonar. Det andre er førebygging.

Fleire episodar tilknytt akuttmottak

Tormod Stavenes

Regiondirektør for UDI Sør, Tormod Stavenes, seier forholda på dei mellombels innkvarteringsstadane for asylskjøarar ikkje er optimale.

Foto: Nora Lie

Onsdag blei ein asylsøkjar knivstukke i Arendal sentrum, og i oktober var det ei liknande episode ved eit asylmottak i Tvedestrand. Tidlegare denne månaden var det også eit slagsmål ved asylmottaket på Hove leir på Tromøya i Arendal.

Grunna den store pågangen har det den siste tida blitt etablert mange akutt-innkvarteringar til asylsøkjarar på Sørlandet, som eit parallelt system til dei ordinære mottaka. Ifølgje Stavenes har hendingane tilknyting til desse mottaka.

Han fortel at dei fokuserer på å gi informasjon til asylsøkjarane.

– Vi må fortelje klart og tydeleg om forventingane til asylsøkjarane når dei bur i Noreg, korleis det norske regelverket er, og vårt syn på vald.

Ikkje optimale rammevilkår

Stavenes meiner det ikkje er problematisk at det er mange forskjellige nasjonalitetar samla i eitt mottak.

– Vanlegvis ser vi på det som positivt. Men dei som har kome til landet no har vore gjennom ei reise der dei har vore utsett for stress, og det er klart at det kan vere ein vanskeleg situasjon.

At det har kome så mange asylsøkjarar til landet den siste tida, meiner han har mykje å seie for forholda på innkvarteringsstadane.

– Opphaldstida i desse mottaka blir mykje lenger enn det som var utgangspunktet. Rammevilkåra på desse stadane er ikkje optimale, og heller ikkje tilsvarande eit ordinært mottak.

To personar sikta

Jens Martin Reiersølmoen

Seksjonsleiar i Arendal politi, Jens Martin Reiersølmoen, meiner at i forhold til antal asylsøkjarar som har kome til landsdelen dei siste månadane, så er ikkje talet på vald særleg høgt.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Seksjonsleiar i Arendal på etterforsking, Jens Martin Reiersølmoen, fortel at dei har pågripe og sikta to personar som var involvert i episoden i Arendal onsdag.

Begge er av utanlandsk opphav, ein midt i 20-åra og ein under 20 år. Han bekreftar at begge to bur på asylmottak i Risør.

– Det har vore nokre tilfelle av bråk og vald internt blant asylsøkarar, men ikkje mykje i forhold til kor mange som har kome dei siste månadane, seier Reiersølmoen.

Den fornærma er 20 år gamal mann av utanlandsk opphav, som har budd lenge i Arendal. Han snakkar norsk og går på skule.

– Vi må ha litt meir fakta på bordet før vi vurderar kva som skal skje. Det er framleis uklart kva som er motivet til handlinga. Det er gjort beslag i kniv.

NRK har vore i kontakt med mottaksleiar i Risør, Harald Egestad. Han vil ikkje kommentere saka, men seier dei samarbeider med politiet.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %