Hopp til innhold

Førebur seg til Skandivias største strandfest

Til helga inntek tusenvis av festklare ungdommar Bystranda i Kristiansand. Fleire hundre personar jobbar frivilleg for å få området klart til strandfesten.

Til helga inntek tusenvis av festklare ungdommar Bystranda i Kristiansand. Fleire hundre personar jobbar frivilleg for å få området klart til strandfesten.

Se hvordan det er å jobbe som frivillig for Palmesus.

Lisell Marie Lesniak

Lisell Marie Lesniak gir oss innblikk i kva oppgåver dei frivillege på Palmesus har.

Foto: Kai Stokkeland/NRK

– Det er Norges største strandfest med masse kule artistar og dritbra stemning, seier Lisell Marie Lesniak til NRK.

Ho er ein av fleire hundre frivillege som stiller opp for å gjere klart til festival.

Bystranda i Kristiansand vert omdanna til ein stor festplass med mellom anna scene og bar.

Vi gav Lisell Marie mikrofonen og ba ho vise fram området og kva oppgåver dei frivillege har.

Ho tek oss mellom anna med til scena som er under rigging. Kring 30 personar jobbar på spreng for å få den store scena klar til festen som startar fredag kveld.

Fatboy Slim, Highasakite, Gabrielle, Ralph Myerz and The Jack Herren, Wyclef Jean og ikkje minst Kygo er blant artistane som står på scena fredag og laurdag.

Palmesus er utselt for lenge sidan. Det betyr 10 000 publikummarar begge dagane.

Lisell Marie Lesniak viser rundt på Palmesus-området

Lisell Marie Lesniak slår av ein prat med ein av dei som held på med å rigge scena til Palmesus.

Foto: Kai Stokkeland/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %