Hopp til innhold

Fleire skisenter med ny besøksrekord

Langfredag vart ein kjempedag for alpinsentera i landsdelen. Tre av alpinsentera sette nye besøksrekordar. Over 8000 kosa seg i påskesola fredag.

Bortelid skisenter

Nær 1500 personar brukte langfredag i skibakken på Bortelid skisenter.

Foto: Lasse Liestøl

– Det har vore veldig bra besøk gjennom heile påska. Men fredag vart ein knalldag, seier dagleg leiar i Brokke Alpinsenter, Svenn Brokke til NRK.

I løpet av dagen var 750 menneske innom anlegget i Valle. Det betyr ny rekord i skisenteret.

– Parkeringsplassen har vore full, så det har vore litt kaos der, men det er slik det skal vere, ler Brokke.

Brokke Alpinsenter

Mange tok turen til Brokke Alpinsenter i Valle langfredag.

Foto: Svenn Brokke

3300 på Hovden

Også på Hovden vart det sett ny besøksrekord langfredag. Der var kring 3300 menneske innom.

– Så vidt eg kan sjå er det «all time high». Vi er sjølvsagt kjempenøgde med det, seier dagleg leiar Sture Pilegård.

– Men det er 20 000 turistar på Hovden, og vi har plass til endå fleire vi, ler Pilegård.

Til no har alle skitrekka gått for full maskin.

– Forholda er kjempefine. Litt snø, litt sol og litt vind. Alle fire årstider på eit kvarter. Alt er som det skal vere, seier han.

Hovden alpinsenter

Over 3000 var i bakkane på Hovden fredag.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK

1500 på Bortelid

Også på Bortelid skisenter i Åseral vart det sett ny besøksrekord fredag. Der var rett i underkant av 1500 besøkande i anlegget.

Bortelid skisenter

Det er skikkeleg påskestemning på Bortelid skisenter i Åseral.

Foto: Lasse Liestøl

– Det er veldig gøy å sjå så mange folk. Vi har hatt skikkeleg alpinvêr her i dag. Så det har vore flott, seier dagleg leiar Lasse Liestøl til NRK.

Liestøl seier at påska ser ut til å berge økonomien for skisenteret denne sesongen.

– Påska er ein fjerdedel av omsetninga vår. Denne påska har absolutt innfridd. Vi låg litt bak, men no har vi teke oss inn igjen, seier han.

2500 i Sirdal

I Tjørhomfjellet og Ålsheia skisenter i Sirdal har det vore godt besøk fredag. Opp mot 2500 var innom alpinanlegget.

– Det har vore ein kjempedag. Alt av parkering har vore sprengt. Dagen har vore veldig bra, seier dagleg leiar Øystein Tjørhom.

No dei fire daglege leiarane spente på korleis vêret blir resten av påska.

– Det ser ut til å bli eit vêrskifte. Men vi håpar på gode dagar også resten av påska, seier Tjørhom.

– Vi håpar det blir bra. Morgondagen ser bra ut, men det blir nok litt ruskete laurdag og søndag. Uansett blir dette ei bra påske for oss, seier Brokke.

Skiløyper på Hovden

Det var ikkje berre skitrekka som var godt besøk. Også langrennsløypene har blitt godt besøkt. Dette bilete er frå Hovden fredag.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %