Hopp til innhold

Flaa Eieland på fjerde i NM

24 år gamle Sondre Flaa Eieland frå Birkenes kom på fjerdeplas på dagens 20 kilometer i NM i skiskyting.

Sondre Flaa Eieland

GLAD: Sondre Flaa Eieland gjekk inn til 4. plass på 20 kilometeren i NM i skiskyting på Simostranda.

Foto: Privat

– Det var litt overraskande at eg kom på fjerdeplass. Det var kjekt at det holdt så bra, seier Sondre Flaa Eieland til NRK.

Flaa Eieland var berre seks sekund bak Alexander Os, som stakk av med tredjeplassen. Vann gjorde Hans Martin Gjedrem gjekk heilt til topps. Flaa Eieland var 1.11 minutt bak vinnaren.

Hans Martin Gjedrem, Sondre Flaa Eieland, Alexander Os

NØGD: Sondre Flaa Eieland (i midten) var godt nøgd med fjerdeplass på 20 kilometeren. Her saman med vinnaren Hans Martin Gjedrem (t.v) og Alexander Os.

Foto: Privat

Måtte vere smart

– Det var ikkje eit optimalt løp, men eg hadde førebudd meg godt til løpet, så det gav nok resultat. Det var litt vind på standplass, så ein måtte vere litt smart for å treffe. Det trur eg at eg tente på i dag, seier 24-åringen.

Birkenes-løparen slo blant andre verdscupvinnar Emil Hegle Svendsen på dagens distanse. Det var første gang nokonsinne han har plassert seg føre landslagsløparen på resultatlista.

– Vi har kniva saman i snart ti år, og det er første gang er slår han. Så det er litt kult å sjå at det går an etterkvart, seier han.

Sondre Flaa Eieland

KJAPP: Sondre Flaa Eieland kom på fjerdeplass på 20 kilometeren på Simostranda.

Foto: Privat

Vil følgje opp

No står sprint, jaktstart og stafett att på NM-programmet. Skiskyttaren håpar på gode plasseringar også der.

– Slik det er no har eg veldig lyst til å ha 90 prosent treff på sprinten og gjere eit godt løp i sporet. Det hadde vore veldig kjekt å få full klaff på begge, seier han.

– Det er vanskeleg å seie noko resultatmål fordi det er så jamt, så ein kan fort hamne litt nedpå. Men eg manglar eit løp med full klaff denne sesongens. Det hadde vore kult å få til, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %