Hopp til innhold

Fire strake utan siger for Jerv

Fotballklubben Jerv gjekk på eit nytt poengtap då dei gjesta Fredrikstad stadion måndag kveld.

Henrik Robstad

Henrik Robstad og Jerv tapte 0-1 borte mot Fredrikstad. (Arkivfoto)

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Heimelaget vann 1-0 etter scoring av Henrik Kjelsrud Johansen halvtimen før slutt.

– Vi er skuffa no. Det var ein jamn kamp som vart avgjort på ein dødball. Vi sleppte dei til litt for mykje på dødball, så det er vi ikkje veldig nøgde med. Vi hadde sjansar til å score mål og få med oss poeng, seier Jerv-trenar Steinar Pedersen til NRK.

Sørlendingane hadde ei rekkje sjansar i løpet av kampen, men klarte aldri å få ballen bak Fredrikstad-keeper Håvar Jenssen.

Sist Jerv vann i 1. divisjon var då dei slo Levanger 4-2 på heimebane 31. mai. På dei fire siste kampane har det berre blitt to poeng på Grimstad-klubben.

Likevel har Jerv god kontakt med topplaga. Dei ligg no på 8. plass på tabellen, men er berre fire poeng bak Sandnes Ulf som ligg på 2. plass.

– Vi ynskjer å utvikle spelet vårt slik at vi kan bikke desse kampane i vår favør. Eg er sikker på at vi leverer ein strålande kamp mot Bærum til søndag, og avsluttar ein god vårsesong med siger, seier Pedersen.

Etter ein elendig start på sesongen står Fredrikstad no med to strake sigarar.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %