Hopp til innhold

Får kritikk etter omtaksering

Sivilombodsmannen meiner Kristiansand kommune har vore for upresise og har nytta for kompliserte begrep i samband med omtakseringa av eigedommane i Kristiansand.

"Skattekart" over Kristiansand

KRITIKK: Sivilombodsmannen kjem med kritikk av Kristiansand kommune etter omtakseringa. (Arkivfoto)

Foto: Leif H. Dalen / NRK

– Kristiansand kommune kunne ha nytta meir presise og tilgjengelege begrep i sitt informasjonsmateriale til skatteytarane, på skatteseddelen og på skattelistene, seier kontorsjef hos Sivilombodsmannen, Bjørn Dæhlin til NRK.no.

Tidlegare denne månaden klaga Huseiernes Landsforbund Kristiansand kommune inn for Sivilombodsmannen. Dei meiner at kommunen ikkje har gitt huseigarane god nok klagemoglegheit etter omtakseringa.

Har fulgt reglane

– Vi kan ikkje sjå at kommunen har gjort noko ulovleg, seier Dæhlin.

Leiar av Huseiernes Landsforbund i Vest-Agder, Espen Solum, gjekk tidlegare rett i strupen på Høgre-ordførar Per Sigurd Sørensen. Solum meiner at ordføraren ikkje held seg til Høgre sitt partiprogram når han er i ferd med å auke eigedomsskatten i byen.

Landsforbundet skriv i ei pressemelding at dei vil jobbe vidare for å hjelpe huseigarar som opplever feil i omtakseringa.

Vil ha klare reglar

– Den såkalte sakkyndige ankenemnda består av så vel aktive som pensjonerte politikarar. Dei er verken kompetente eller habile. Korleis kan eit bystyremedlem ha posisjon i bystyret samstundes som han sit i ankenemnda, spør Solum i pressemeldinga.

Sivilombodsmannen vil ha klare og enkle retningsliner omtaksering i framtida.

– Vi vil jobbe for å gjere regelverket for eigedomsskattsaker enklare og lettare tilgjengeleg. Det er ikkje vanskeleg å forstå at Huseiernes Landsforbund og fleire busette i Kristiansand ikkje tykkjer at dette er så enkelt, seier Dæhlin.

Trekte seg

Espen Solum trekkjer fram Sel kommune som døme på slett arbeid i samband med omtakseringa. Der var fakta- og takseringsfeila så store at politikarane til slutt valde å trekkje omtakseringa.

– Det burde vere eit døme til etterfølgelse, seier Solum.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %