Hopp til innhold

Får ikkje lenger sjukmelde seg sjølv

Tilsette i Mandal kommune må frå nyttår igjen gå til legen for å få fri når dei er sjuke. – Veldig beklageleg, seier ordføraren.

Egenmelding sykmelding sykemelding

Prøveordninga med 365 eigenmeldingsdagar i Mandal vert kutta frå nyttår.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

I 2008 innførte kommunen ei prøveordning der dei kring 1200 tilsette sjølv kunne skrive eigenmelding i opp til 365 dagar når dei er sjuke.

Ordninga har resultert i at sjukefråveret har gått ned og er under landsgjennomsnittet.

Skal evaluerast

– Det er veldig beklageleg at departementet vil ha bort det vi meiner er årsaka til at vi har så lågt sjukefråver, seier ordførar Tore Askildsen til Fædrelandsvennen.

Tore Askildsen

Mandalsordførar Tore Askildsen.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Ordninga har fungert så godt at andre byar har sett til Mandal for å lære.

Arbeids- og sosialdepartementet har gitt dispensasjon frå folketrygda, men no er det slutt. Departementet seier til avisa at dette var eit prøveprosjekt som no skal evaluerast.

Også Kristiansand kommune som har ei ordning med inntil 50 eigenmeldingsdagar må fjerne ordninga, skriv avisa.

Fryktar meir fråver

I fjor skreiv NRK at sjukefråveret er blitt 25 prosent lågare i Mandal samanlikna med 29 liknande kommunar.

Mandalsordføraren fryktar no at sjukefråveret vil auke igjen.

Han grunnar dette med at ein arbeidstakar som vert sjukmeld i 14 dagar mest truleg blir borte i 14 dagar, i staden for å komme tilbake på jobb når han eller ho føler seg frisk nok til å gå på jobb igjen.

Mandal har no søkt om å få halde fram med ordninga.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %