Ifølgje politiet er det truleg ein mann som vart meldt sakna i august i fjor som er funne.
– Vi har ingen grunn til å tru at dette er nokon andre enn mannen som forsvann i august i fjor, seier lensmann i Gjerstad Odd Holum til Aust-Agder Blad.
Både politi, sivilforsvar og mange frivillige leita etter 92-åringen i fjor utan å finne han.
Ifølgje avisa har nevøen til 92-åringen drive regelmessig søk i området mannen sist vart sett i august i fjor.
Mannen var ute for å plukke bær då han forsvann i fjor. I romjula vart det funne både bærplukkar og ei bøtte i det aktuelle området.
Fredag kveld fann ein kadaverhund leivningane.
– Det er ein fantastisk lette for oss i familien, men det er openbert ein dag med blanda kjensler, seier han til avisa.
Funnet er no sendt til obduksjon.
– Politiet har undersøkt funnstaden. Det vidare identifiseringsarbeidet vil gjerast over helga, opplyser operasjonssentralen i Agder-politiet.