Hopp til innhold

Fann leivningar i skogen

Det er funne leivningar frå det som truleg er eit menneske i skogen i Gjerstad.

Leteaksjon Gjerstad, savnet bærplukker

Det vart sett i gang ein omfattande leiteaksjon etter 92-åringen i fjor. No er han truleg funne. Bilete er frå leiteaksjonen i fjor.

Foto: Thorvald Knudsen / NRK

Ifølgje politiet er det truleg ein mann som vart meldt sakna i august i fjor som er funne.

– Vi har ingen grunn til å tru at dette er nokon andre enn mannen som forsvann i august i fjor, seier lensmann i Gjerstad Odd Holum til Aust-Agder Blad.

Odd Holum

Odd Holum er lensmann i Gjerstad.

Foto: Elisabeth Grosvold / NRK

Både politi, sivilforsvar og mange frivillige leita etter 92-åringen i fjor utan å finne han.

Ifølgje avisa har nevøen til 92-åringen drive regelmessig søk i området mannen sist vart sett i august i fjor.

Mannen var ute for å plukke bær då han forsvann i fjor. I romjula vart det funne både bærplukkar og ei bøtte i det aktuelle området.

Fredag kveld fann ein kadaverhund leivningane.

– Det er ein fantastisk lette for oss i familien, men det er openbert ein dag med blanda kjensler, seier han til avisa.

Funnet er no sendt til obduksjon.

– Politiet har undersøkt funnstaden. Det vidare identifiseringsarbeidet vil gjerast over helga, opplyser operasjonssentralen i Agder-politiet.

Leteaksjon Gjerstad, savnet bærplukker

Både Sivilforvaret og politi deltok i søk etter mannen i august i fjor.

Foto: Thorvald Knudsen / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %