Hopp til innhold

– Forstår ikkje at folk kan gjere slikt

Emil Torjusen (12) vart sjokkert då han fann to daude selar, som var skotne, kappa hovudet av og flådd i sjøen utanfor Risør.

Sel funnet med avkappet hode

Denne selen var både skoten, flådd, kappa hovudet av.

Foto: Emil Torjusen

– Eg sa at eg såg ein sel, men ingen trudde på meg. Så gjekk eg ned og pappa kom til. Då såg vi at det var ein sel som var skoten i mange, den var flådd og hadde fått hovudet kappa av, seier 12-åringen til NRK.

Emil Torjusen

Det var Emil Torjusen som fann dei daude selane.

Foto: Privat

Det var Aust-Agder Blad som først fortalde om funnet.

Emil og familien fann dei to daude selane då dei var ute på båttur måndag denne veka.

Vurderer å melde til politiet

– Eg tenkte kvifor vil folk gjere slikt, og kven har gjort det. Dei må vere litt galne rett og slett. Kanskje det er nokon som tykkjer at selen tek mykje fisk, seier 12-åringen.

No viser det seg at det kan dreie seg om ulovleg seljakt i området. Difor vurderer Fiskeridirektoratet å melde funna til politiet.

Det er ulovleg å jakte på sel i Aust-Agder.

– Vi ser alvorleg på denne hendinga. Det er uheldig både for dyr og bestand at det vert jakta ulovleg, seier rådgjevar i Fiskeridirektoratet Guro Gjelsvik.

Direktoratet har ikkje fått inn fleire meldingar om døde selar.

– Vi vil oppfordre folk som finn skoten sel om å ta kontakt med oss, slik at vi kan sjå nærare på det, og undersøkje saka, seier ho.

Håpar politiet tek saka

– Når vi mistenker at noko alvorleg har skjedd, vil vi melde forholdet slik at vi kan etterforske saka, seier Gjelsvik.

12 år gamle Emil Torjusen håpar at den, eller dei, som har teke livet av selane blir tekne.

– Det var ikkje noko morosam oppleving. Eg håpar at politiet vil sjå på saka, seier han.

Sel med avkappet hode

Slik såg ein av selane ut.

Foto: Emil Torjusen

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %