– Vi ser tydeleg at i forhold til tunge stoff har det stagnert dei fem-seks siste åra, seier ungdomsleiar Torrey Skeibrok til NRK.no.
– Vårt inntrykk er at det etablerte narkotikamiljøet har mindre rekruttering, supplerer Einar Deiz i politiet i Farsund.
Mange berørt
Ungdomsleiaren vert rørt når han tenkjer på at talet på nye tunge rusmisbrukarar har stagnert dei siste åra.
– Det er stort. For når eit menneske kjem på kjøret og startar med desse tinga berører det så mange. Familien og heile nærmiljøet vert berørt. Kan ein person komme ut av det og vi kan førebyggje, er det stort for veldig mange, seier Skreibrok.
Kommunen vil no halde fram med arbeidet for å få fleire ut av narkotikamiljøet. Han påpeikar også at det er viktig å ta vare på personane som framleis er i miljøet.
Vil starte bedrift
– Eg har ein draum og eit ynskje. Det er å prøve å få til ei lita arbeidsbedrift for å få dei ut i arbeid. Det er så mange oppgåver i form av plenklipping, rydding, vedlikehald og ting vi kan gjere, seier Skeibrok.
– Vi har allereie starta med ein gjeng torsdagar. Det har vi lyst til å utvikle. Får vi menneska, som har rusa seg i land tid i arbeid, er det og ei form for førebyggjande arbeid, seier han.
– Uansett kor feil du har trakka i livet, trur eg det skal vere rom for alle å komme tilbake og bli akseptert, seier han.