Hopp til innhold

Politikarar etterlyser tydlegare grenser på Hove-camp

Politikarane etterlyser tydlegare grenser for mindreårige på Hovefestivalen. Torsdag diskuterte oppvekstkomiteen i Arendal ungdom og alkohol på festivalen.

Politikerne i Arendal vil ha tydligere grenser for mindreårige på Hovefestivalen. I dag tok oppvekstkomitéen i Arendal debatten om ungdom og alkohol på Hove.

VIDEO: Politikarane i Arendal diskuterte Hove-campen på eit møte torsdag.

– Eg meiner det er totalt uansvarleg å ha ein camp og lage ein så stor arena for mindreårige til å gå på fest saman med vaksne, der det er opa alkoholservering, seier leiar for Ungdomsteam i Arendal kommune, Jan Tjønnvåg.

– Eg kan ikkje i mi beste vilje begripe at nokon kan vere ansvarleg for å gjere det, seier Tjønnvåg.

Etterlyser klarare reglar

Hovefestivalen har måtte tole mykje kritikk for fyll blant mindreårige. Under møtet torsdag kom det altså ny massiv kritikk.

Leiar for oppvekstkomiteen i byen, Maren C. Smith Gahrsen (KrF), sat att med følgjande inntrykk etter debatten.

– Utifrå det eg høyrde ynskjer ein klarare reglar for arrangementet som er tydlegare enn dei er no, seier ho.

Eitt av forslaga går ut på å innføre 18 årsgrense på campen.

I dag er nesten 2000 av dei som overnattar her under 18 år. Men festivalleiinga trur det er ei dårleg løysing.

– Blir uansett drikking

– Då kjem dei til å campe i skogen. Då har vi den utfordringa. Då er det betre å leggje forholda til rette og at vi tek hand om publikum og området, seier bookingsjef for Hovefestivalen, Toffen Gunnufsen.

– Det er ei løysing som vi har diskutert med politiet. Vi har fokusert på ein fellescamp, men det vil uansett bli drikking, fordi dei vil drikke i teltet sitt, seier han.

– Ei anna løysing er sjølvsagt å bruke Hove Camping, som er Arendal kommune sin camping, og at dei tek det ansvaret. Men spørsmålet er jo om dei vil det, seier Gunnufsen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %