Hopp til innhold

E39 åpnet etter ulykke

E39 var stengt i fleire timar etter ei trafikkulykke ved Vestre Skogsfjord i Mandal på grunn av ei trafikkulykke med eit vogntog og ein personbil.

Ulykke i Mandal

Eit vogntog kolliderte med ein personbil i Mandal.

Foto: Ronny Blix

Ein person er skada og er køyrt til sjukehus med ambulanse.

– E39 kjem til å bli sperra ei god stund, opplyste politiet til NRK.

Ved 16.40-tida starta politiet dirigering på staden.

Fleire ulykker

Det har vore fleire trafikkuhell på Sørlandet måndag ettermiddag. Ved Stoa i Arendal på E18 snurra ein bil rundt. Ingen personar skal ha blitt skada her.

På E18 ved Bie i Grimstad skal tre bilar ha kollidert. Her er det kun snakk om materielle skader.

Naudetatane er på veg til ei trafikkulykke ved Harebakken i Arendal der åtte bilar skal vere involvert i ein kollisjon. To personar er sende til sjukehus.

– Det er særs glatte vegar. Folk må veldig ned med farta, seier Harald Robersvik ved 110-sentralen i Arendal til NRK.

– Sett ned farten

Også Vegtrafikksentralen ber folk køyre forsiktig.

– Det har byrja å snø og det er vekslande bart og snøføre, og då blir det litt polert. Det einaste som hjelper er å setje ned farten. Det er det einaste som kan forhindre ein del ting, seier Svein Harald Masterød ved vegtrafikksentralen til NRK.

Ulykke Stoa, Arendal

VIDEO: Det har oppstått lange køar etter trafikkulykka på E18 på Stoa i Arendal.

Brøytemannskapet i full gang etter en rekke ulykker på det glatte føret.

VIDEO: Brøytemannskap er ute på E18.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %