Hopp til innhold

Dyreparken: – Rutinane svikta

Dyreparken i Kristiansand set i verk sikringstiltak etter at ein gepard gjekk gjennom isen og hamna i vatnet laurdag ettermiddag.

Dyreparken setter nå opp strømgjerde for å hindre at gepardene forviller seg utrygg is igjen. I helgen falt en gepard i vannet etter at han gikk gjennom isen. Geparden er i fin form etter hendelsen.

Geparden er i fin form etter å ha gått gjennom isen.

– Vi trudde vi hadde gode nok rutinar. Dette må vi ta lærdom av. Vi set no opp straum og evaluerer skikkeleg i etterkant om det er noko vi kan lære, seier dyrepassar Olav Åsland til NRK.

Olav Åsland

Dyrepassar Olav Åsland.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK

Det vart slått full alarm i Kristiansand Dyrepark laurdag ettermiddag då ein av parken sine fem gepardar gjekk gjennom isen.

Det var ein NRK-medarbeidar som varsla dyrepassarane om hendinga. Dei fekk etter kvart eit tau rundt geparden og fekk den til slutt på land.

– Dei gjorde ein kjempejobb, viste handlekraft og hjelpte kvarandre. Vi har prosedyrar når det skjer ting og her fungerte det, seier han.

To dagar etter hendinga er geparden i fin form.

– Han er heldigvis i kjempefin form. Det er vi glade for alle saman. Det er nydeleg å sjå at han er på hogget som han plar vere, seier dyrepassaren.

Det vert no sett opp straumgjerde for å hindre at gepardane igjen skal ta seg ut på isen.

– Vi tek ingen sjansar og set opp eit gjerde for å halde dyra vekk frå isen.

En gepard i Dyreparken i Kristiansand måtte reddes opp da den gikk gjennom isen. Heldigvis gikk alt bra.

Her har geparden gått gjennom isen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %