Hopp til innhold

Dugnadsgjengen til ØIF Arendal fekk pris

Dugnadsgjengen til eliteserieklubben ØIF Arendal vart heidra med pris for sin innsats før kampstart mot Drammen.

Dei frivillege i ØIF Arendal vart hylla med pris frå kommunen før eliteserieoppgjeret mot Drammen.

Frode Olsen (t.v.) tok imot prisen på vegne av dei frivillege. Her er han saman med ordførar Einar Halvorsen.

Det var ordførar Einar Halvorsen som delte ut Arendal kommune sin frivillighetspris. Prisen består av eit relieff av arendalskunstnaren Stine Jensen og 10 000 kroner.

– ØIF Arendal er utruleg viktig for byen. Utan dei frivillege hadde det ikkje vore mogleg å nå så langt som ØIF har gjort til no, sa ordføraren då han delte ut prisen.

– Veldig kjekt

Kring 100 personar jobbar dugnad på kvar einaste heimekamp ØIF Arendal spelar i Sør Amfi.

Dei bidreg med alt frå vaffelsteiking, rigging av bane, kiosk, parkering og billettsal.

– Det er veldig kjekt at kommunen set pris på innsatsen vi gjer. Vi står på for klubben i vårt hjarte. Det går med mange timar, men vi har det moro ilag, sa Frode Olsen som tok imot prisen på vegne av alle dei frivillege.

Har det moro

I februar i fjor skreiv NRK.no om dugnadsgjengen til ØIF Arendal.

Der møtte vi ein gjeng som legg ned mange timar for klubben.

– Det er kjempeartig. Vi er ein god gjeng. No har vi halde på sidan i fjor haust i det nye anlegget, og no fungerer alt som det skal, sa speaker Knut Georg Kvifte.

ØIF Arendal

Nokre av dei frivillege tok seg tid til å vere med på å ta imot prisen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %