Hopp til innhold

ØIF-kaptein drøymer om cupfinale

ØIF Arendal-kaptein Eirik Heia Pedersen vedgår at laget vil få tøff kamp om plass i kvartfinalen mot Fyllingen onsdag kveld. Målet er cupfinale i desember.

Eirik Heia Pedersen, ØIF Arendal

Eirik Heia Pedersen er klar til kveldens cupkamp mot Fyllingen.

Foto: NRK Sorlandet

– Eg håpar inderleg at vi kan klare ein cupfinale. Det hadde vore utruleg gøy. Det er fullt mogleg å klare med det laget vi har, seier Heia Pedersen til NRK.

I helga slo arendalittane Fyllingen for første gang på bortebane. Det gjev sjølvtillit før kveldens kamp mot bergensarane, som har vunne cupen dei to siste åra.

Vil gå tøft ut

– Vi må satse tøft frå start. Fyllingen er ofte gode frå starten. Det er viktig å henge med, seier Heia Pedersen.

Kapteinen «avslører» at det har vore avslappa stemning på trening etter helgas imponerande siger i Bergen.

– Det har kanskje vore litt vel avslappa stemning på trening. Det er ofte slik når du får nokre sigrar på rad. Du trur kanskje du er litt betre enn du er. Vi må sørge for at vi får røtene ned i bakken igjen før kampen, seier kapteinen.

Samstundes som ØIF møter Fyllingen, skal Vipers Kristiansand i elden mot nyopprykka Halden i eliteserien for kvinner. Vipers fekk bank av Glassverket i førre seriekamp.

– Det var total kollaps. Slikt skjer nokre gonger i handball. Vi har forsøkt å gløyme den og ser fram mot kveldens kamp, seier kantspelar Thorey Stefansdottir.

Halden står med to poeng etter dei tre første kampane. Vipers-spelaren vedgår at dei har lite kjennskap til motstandaren.

Håpar på god publikumsstøtte

– Det blir ikkje lett. Dei har alt å vinne. Det er ofte vanskeleg å vere det laget som skal vinne, seier ho.

Det er venta mykje folk både i Arendal og Kristiansand. Dei to handballspelarane meiner at publikum spelar ei viktig rolle.

– Våre supportarar har gjort ein ekstra god jobb i sommar for å få inn fleire folk. Mot Elverum var det eit fantastisk trøkk. Den støtta har mykje å bety, seier Heia Pedersen i ØIF Arendal.

– Det blir som ein åttande mann med eit godt publikum. Det var kjempegøy sist mot Tertnes då det nesten var fullt, seier Stefansdottir.

Begge kampane startar klokka 19.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %