Hopp til innhold

Drapssikta varetektsfengsla i fire veker

19-åringen som er sikta for drapet på ein kamerat i Mandal er varetektsfengsla i fire veker.

Drap åsted Mandal

Mannen som er sikta for drapet i Mandal er varetektsfengsla.

Foto: Espen Sand / NTB scanpix

19-åringen er ilagt brev-, besøks- og medieforbod i alle fire vekene.

Sveinung Johnsen i Mandal etter avhør drap

Sveinung Søndervik Johnsen er forsvararen til den sikta 19-åringen.

Foto: Lars Eie / NRK

Mannen samtykka til fengsling under fengslingsmøtet tidlegare i dag.

– Han erkjenner å ha utført handlinga han er sikta for og han aksepterte ei varetektsfengsling, seier forsvarar Sveinung Søndervik Johnsen til NRK.

Døydde av stikkskader

19-åringen er sikta for drapet på ein klassekamerat. Drapet skjedde i eit bustadområde på Ime aust for Mandal sentrum onsdag føremiddag.

Det var Joakim Ophaug Røksland (19) som vart drepen. 19-åringen døydde truleg av fleire stikkskader.

– Dei to var kameratar. Utover det har eg ikkje kommentarar til det. Etterforskinga vil vise kva som var årsaka til det som skjedde, seier Søndervik Johnsen.

Politiadvokat Liv Seland seier til NRK at politiet har danna seg eit bilete av kva som skjedde då 19-åringen vart drepen.

– Vi har beslaglagt eit stikkvåpen på åstaden. Analyser av det vil vise om det er eit drapsvåpen, seier Seland.

Avkreftar IS-koplingar

19-åringen vart pågripen i ein militærliknande uniform onsdag ettermiddag. Etter det NRK kjenner til skal han vere særs interessert i militære effektar og vert omtala som samlar.

Han skal også ha ytra ønske om å kjempe mot IS-styrker som herjar i mellom anna Syria og Nord-Irak. PST stadfestar overfor NRK at dei har vore i kontakt med sikta.

– I forhold til spekulasjonar om IS kan eg avkrefte at det er koplingar til IS. Utover det har eg ingen kommentarar til det no. Vi hentar inn informasjon og kvalitetssikrar den. Det blir feil av meg å kommentere noko knytt til det på dette tidspunktet, seier Seland.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %