Hopp til innhold

Mann (19) dømd til fengsel etter bilulykke

Ein 19 år gammal mann er dømd til eitt år og seks månaders fengsel for uaktsamt drap og brot på vegtrafikklova etter trafikkulykka i Birkenes i fjor.

Dødsulykke Birkenes

Ulykka skjedde på riksveg 402 i Birkenes i juli i fjor.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Ei 18 år gammal kvinne omkom i ulykka som skjedde på riksveg 402 i Birkenes 14. juli i fjor.

– Retten finn at det utelukkande var fart som var årsak til ulykka, skriv Kristiansand tingrett i dommen.

Kvinna sat i passasjersetet då ulykka skjedde.

19-åringen mista kontroll over bilen slik at den hamna i grøfta og kolliderte med eit tre og vart delt i to. Kvinna omkom momentant i samanstøyten.

Minst 141 kilometer i timen

Bilen skal ha skrensa sidelengs nær 60 meter før den fauk 17 meter og trefte treet.

Ifølgje politiet skal bilen ha halde minst 141 kilometer i timen. I tingretten nekta mannen for å ha køyrt uforsvarleg.

Han forklarte at han aldri køyrde fortare enn 90 kilometer i timen. Han meinte at årsaka til ulykka var eitt av hjula låste seg. Politiet fann ingen teikn på ulykkesstaden til at hjula hadde låst seg.

Krimteknikarar frå politiet fastslo også at dekka på bilen var slitne.

– Grovt uaktsamt

To andre personar som var i bilen vart køyrt til sjukehus etter ulykka.

I retten forklarte dei to at dei tidlegare har sete på med 19-åringen i bil, og at han skal ha køyrt fort.

Mannen er også frådømt retten til å køyre bil i fem år. Han må også betale oppreisingserstatning på til saman 200 000 kroner.

– Retten har kome til at tiltalte handla grovt uaktsamt under køyringa, at han burde ha forstått at dødsfølgje kunne inntre, skriv retten i dommen.

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %