Hopp til innhold

Dømd for ulovleg import og sal av vin

Ein tidlegare forretningsmann i Kristiansand er dømd til 120 dagars fengsel for ulovleg import og sal av vin.

Kristiansand tingrett

Ein mann er i Kristiansand tingrett dømd for ulovleg sal og import av vin.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Mannen hadde 200 på kundelista og selde 17 000 liter med eksklusiv italiensk vin over tre år, skriv Fædrelandsvennen.

Til saman skal han ha importert over 25 000 flasker med ulovleg vin til Norge.

Lagra i konteiner

I Kristiansand tingrett vart mannen funne skuldig i brot på tollova, alkohollova og rekneskapslova.

Vinen vart lagra i ein konteiner i Kristiansand sentrum.

Mannen innrømte å ha innført og selt vin med forteneste til ei rekkje personar i Kristiansand då rettssaka mot han starta.

Kundane slepp truleg straff

Etter å ha blitt kontrollert av toll- og skattestyresmaktene starta mannen vinimport ved å bære flaskene i land frå danskebåten.

NRK har tidlegare skrive at kundane som har kjøpt ulovleg importert vin av den tidlegare forretningsmannen kan sleppe straff.

Årsaka er at økonomiavsnittet i Agder-politiet truleg ikkje klarer å etterforske dei 200 personane på kundelista til mannen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %