Hopp til innhold

Dildotjuv forsynte seg grovt

Kvinne (28) stal sexleikety for over 2000 kroner på Erotikkland i Kristiansand sentrum.

Dildotjuveri

TJUVERI: Dette er nokre av gjenstandane kvinna stal frå butikken.

Foto: Privat

– Eg la merke til ho fordi ho romsterte så mykje i butikken. Heldigvis har vi alarmar på alle produkta våre, så gjenstandane må ut av emballasjen for at alarmen ikkje skal gå, seier innehavar Sean Helge Hoem til NRK.no.

Sean Helge Hoem

POLITISAK: Sean Helge Hoem tok kontakt med politiet då han såg kor mange gjenstandar kvinna prøvde å få med seg.

Foto: Privat

Det var like over klokka 12 måndag ettermiddag at tjuveriet fann stad.

– Såg ut som ein julenisse

– Eg oppdaga tom emballasje fleire stader. Eg konfronterte ho med dette og den eine tingen etter den andre kom fram, seier han.

Kvinna innsåg at ho var avslørt og drog ut dildo etter dilo frå jakkeermane. Ho hadde også gøymt fleire andre sexartiklar i jakka og under genseren.

– Ho såg nesten ut som ein julenisse der ho stod. Ho hadde fått med seg så mange ting, seier han.

Hoem plar normalt ikkje melde små tjuveri til politiet. Men på grunn av omfanget valde han denne gangen å varsle politiet. Etter kort tid kom dei til sexbutikken og tok med seg kvinna.

– Vi har opplevd tjuveri tidlegare, men ikkje så mange gjenstandar. Om det var gåver til familie eller vener, eller om det var til ho sjølv, det veit eg ikkje, seier han.

Kontakta politiet

– Her var det snakk om så mykje. Då blir eg overgitt, og difor kontakta eg politiet, seier han.

Butikkinnehavaren seier at kvinne såg heilt vanleg ut, og han såg ingen grunn til å følgje med på kvinna før han høyrde at ho opna emballasjen på produkta.

– Oftast er det heilt vanlege folk som stel. Dette var ei vanleg kvinne. Det var ikkje slik at eg såg på ho at ho ville inn for å stele, seier han.

Kvinna vart sett i arresten på politistasjonen i Kristiansand, men er no sett fri.

– Ho kan nok vente seg eit førelegg. Storleiken kjem an på inntekt og ein del andre faktorar, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Øyvind Andersen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %