Hopp til innhold

Denne vegen skulle ha opna i dag

Vegstrekninga Brokke - Suleskard opnar likevel ikkje laurdag på grunn av uvêr i fjellet.

Brokke - Suleskar

Vegvesenet hadde brøyta strekninga mellom Brokke og Suleskard. Laurdag måtte dei starte på nytt på grunn av kraftig snøvêr natt til laurdag.

Foto: Statens vegvesen

Brokke - Suleskard

Vegvesenet starta brøyting klokka sju laurdag morgon.

Foto: Sigurd Wiberg

– Det er verken mogleg eller forsvarleg å opne vegen klokka 12. Vi vurderer fortløpande når vi kan opne, men heile vegen må fresast, seier Sigurd Wiberg i Statens vegvesen til NRK.

Vegvesenet hadde brøyta heile strekninga, men på grunn av stort snøfall og kraftig vind i natt er vegen på nytt fylt med snø.

På det høgste var brøytekantane opp mot ni meter. Uvêret har ført til at vegen nokre stader er fylt med to meter snø.

Vegvesenet starta å brøyte vegen på nytt klokka sju laurdag morgon, men klarer ikkje å opne vegen i dag.

– I tillegg er vêrmeldingane dårlege, så det er ikkje forsvarleg å opne vegen endå, seier Sigurd Wiberg i vegvesenet.

Brokke Suleskard

Vegen som skulle ha opna laurdag klokka 12 er snødd igjen.

Foto: Sigurd Wiberg

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %