Brannen er no sløkt.
Det skal ha vore stor røykutvikling i samband med brannen. Politi og brannvesen har førebels ikkje full oversikt over skadene, men reknar med at det er snakk om store skader.
Røykdykkarar frå brannvesenet har søkt gjennom huset, og det er stadfesta at det ikkje var nokon personar i huset.
– Brannårsaka er for tidleg å seie noko om, seier innsatsleiar i politiet, Bernt Byklum Bjerke til NRK.