Hopp til innhold

Brukte blålys for å rekke bussen - fekk bot

Ein kvinneleg polibetjent er pålagt eit førelegg på 6000 kroner etter å ha brukt blålys for at ein kollega skulle nå bussen.

Politi brukte blålys for å rekke buss

På denne grafikken ser du korleis bussen og politibilen møttest på Vesterveien.

Foto: Grafikk: Daniel Jacobsen/NRK - Kart: Google Maps

Det var i mai at politibetjenten brukte blålys for at ein mannleg kollega skulle nå bussen i Kristiansand sentrum.

I tillegg køyrde kvinna på raudt lys for å nå bussen på busshaldeplassen på Vesterveien.

– Vi har lagt til grunn at tenestepersonen over eit kort tidsrom, med låg fart, har køyrt på raudt lys og nytta blålys for at ein kollega skulle nå bussen, seier Camilla Lie som er juridisk rådgjevar i Spesialeininga for politisaker.

«Såg du det?»

Det var bussjåfør Svein Olsen observerte ein politibil med blålys då han blinka seg ut frå busshaldeplassen i Vestre Strandgate i Kristiansand.

Ei par hundre meter seinare såg han den same politibilen på neste stopp. Ein mann steig ut av politibilen og gjekk mot bussen.

– Han hoppa på bussen, og eg spurte han om han hadde brukt blålys for å rekke bussen. Såg du det, svara han. Ja visst såg eg det. Så sette han seg bak i bussen og vi køyrde vidare, sa Olsen til NRK i mai.

Politibetjenten køyrde mellom anna gjennom Rutebilstasjonen i Kristiansand, som er sperra for personbilar.

Vedtok førelegget

– Vi har vurdert vegtrafikklova sine føresegner som forbyr køyring på raudt lys og i tillegg vurdert føresegner i trafikkreglane, som forbyr unødig eller omsynslaus bruk av lyd- og lyssignal, seier Lie.

– Kjenner du til liknande saker frå tidlegare?

– Eg kjenner ikkje til saker som er heilt lik denne, seier ho.

Den mannlege politibetjenten som gjekk på bussen er ikkje pålagt førelegg.

Spesialeininga for politisaker vil ikkje kommentere kva den kvinnelege politibetjenten har forklart i avhøyr. Men Lie seier at politibetjenten har vedteke førelegget.

Har fått opplæring

Politistasjonssjef Ole Hortemo i Kristiansand er ikkje overraska over at kvinna er pålagt eit førelegg.

– Det var ikkje overraskande. Ho var også innforstått med at det truleg kom til å skje, seier Hortemo.

Kvinna jobbar framleis i politiet. Hortemo seier også at dei to involverte politibetjentane har fått «ei runde» i bruk av blålys.

– Eg ynskjer ikkje å kommentere kva ho har sagt om denne saka, anna enn at ho beklagar det som har skjedd, seier Hortemo.

Må svare for bruk av blålys

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %