Hopp til innhold

OnklP betalte helikopter: – Sette himmel og jord i sving for å rekke konserten

OnklP og De Fjerne Slektningene var i tidsnaud og heldt på å måtte avlyse konserten på Hovefestivalen. Så fann dei ei luftig løysing.

OnklP på helikopter-tur

Onkl P og De Fjerne Slektningene på Kristiansand lufthavn Kjevik, klar til å fly til Hove.

Foto: OnklP

OnklP på helikopter-tur til Hove

Litt av utsikta OnklP og De Fjerne Slektningene fekk frå helikopteret på veg til Hove.

Foto: OnklP

Åsmund Lande i helikopter til Hove

Åsmund Lande nyt øl og utsikt frå helikopteret på veg til Hove.

Foto: OnklP
– Vi måtte setje himmel og jord i sving. Vi fekk ordna eit fly til Kjevik. Der stod det ikkje mindre enn to helikopter som tok oss til Hove, seier Pål Tøien, betre kjend som OnklP til NRK.

– Vi rakk showet fem minutt over tida, men det vart ein stor suksess alt i alt, seier Pål Tøien, betre kjend som OnkelP til NRK.

OnkelP og De Fjerne Slektningene skulle opptre på Hove i 16-tida torsdag. Dei mista flyet frå Trondheim og stod i fare for å ikkje rekke konserten.

Betalte helikoptertur av eiga lomme

Dei kom seg til slutt på eit fly til Kjevik i Kristiansand. I mellomtida fekk dei også spikra helikopter frå Kjevik til Hove.

– Det såg mørkt ut på Værnes. Vi var gjennom tusen ulike alternativ, men det vart overdøyva med ein gang det vart kjent at vi skulle fly helikopter, seier han.

Fem minutt etter oppsett tid kom dei altså i gang på scena på Hovefestivalen.

– Det var topp stemning, knall vêr og alt var som det skulle vere. Vi hadde ikkje spelt på Hove før. Det var alle tiders, seier han.

Helikopterturen vart betalt av eiga lomme.

OnklP måtte ta helikopter for å rekke konserten på Hovefestivalen

Sjå video frå helikopterturen til Hove.

Steppa inn for Azealia Banks

Konserten skulle ikkje bli den siste denne dagen. Mange fans vart nok skuffa då den amerikanske rapparen Azealia Banks gav beskjed om at ho ikkje kom likevel.

Banks sitt fly til Oslo var litt forsinka, og då sjåføren fortalde om reisetida til Arendal, bestemte ho seg for å ta første fly ut av landet igjen.

Dette var tredje gang at Banks har avlyst ein konsert i Norge. Jaa9 & onklP kasta seg rundt gjekk på scena nok ein gang.

– Vi var der og kosa oss. Så plutseleg dukka det opp eit show til, så dagen kunne liksom ikkje bli betre, seier han.

– Eg klarer ikkje å setje meg inn i Banks sin tankegang, men det var jævlig drit om ho hadde fans der. Eg gjer alltid, alt eg kan, for å rekke eit show. Det er jo difor vi gjer dette, seier OnklP.

Vil til Hove igjen

Presseansvarleg på Hovefestivalen Gaute Drevdal hyllar OnklP og De Fjerne Slektningene for innsatsen dei la ned, for å komme seg til Hove.

Han er også glad for at Jaa9 sa ja til å opptre saman med OnklP på kveldskonserten, i staden for Azealia Banks, som altså tok første fly ut av landet.

– Det følest veldig bra med norske artistar som er villege til å steppe opp når det trengst, og som også har nok fans til å kunne lage masse liv på ei festivalscene, seier presseansvarleg i Hovefestivalen, Gaute Drevdal til NRK.

No håpar OnklP på fleire konsertar på Hove.

– Eg håpar vi fekk lagt inn ein bra søknad til dei ansvarlege. Eg vil svært gjerne på Hove igjen. Eg håpar dei hugsar på oss i neste runde. Då skal eg vere der nokre ekstra dagar også, for det var det bitraste, å reise heim, seier han.

Jaa9 & onklP

Jaa9 & OnklP på scena på Hovefestivalen torsdag.

Foto: Pål Tegnander/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %