Hopp til innhold

Bestilte syntetisk cannabis på bestemora si adresse

Folk som bestiller syntetisk cannabis på internett brukar kreative metodar for å unngå å bli avslørt. – Stoffet er livsfarleg, seier politiet og overlege.

Syntetisk cannabis

I juni beslagla Tollvesenet i Kristiansand dette CD-coveret som innheldt 60 gram syntetisk cannabis. Stoffet kom i posten og var adressert til ein annan person enn den som hadde bestilt det på internett.

Foto: Tollvesenet

Tollvesenet på Sørlandet har fleire døme på at folk som har bestillt stoff ikkje oppgjer adressa si.

Syntetisk cannabis beslaglagt i Kristiansand

Tollvesenet i Kristiansand beslagla 60 gram syntetisk cannabis i juni. Det er det største beslaget av stoffet på Sørlandet til no.

Foto: Tollvesenet

I staden går bestillinga til naboen, eller til og med bestemora.

– Personen hadde sagt til bestemora at han kunne hente posten hennar ein liten periode, seier Linda Erlandsen som er politibetjent ved lensmannskontoret i Søgne og Songdalen til NRK.

– Pakken han venta på kom aldri fram fordi Tollvesenet beslagla den før den kom så langt, seier ho.

Første dødsfall i Norge

I helga vart det for første gong i Norge stadfesta at nokon har døydd etter å ha brukt syntetisk cannabis.

Det var i påska at ein 22 år gammal mann vart funne bevisstlaus i leilegheita si i Steinkjer etter å ha vore på fest i Namsos. Eit døgn etterpå døydde han på St. Olavs Hospital i Trondheim.

Obduksjonsrapporten viser at mannen døydde etter bruk av syntetisk cannabis. Ein mann i 30-åra frå Namsos vart pågripen og sikta for sal av stoffet til 22-åringen.

Tollvesenet opplever ei auke i talet på beslag av syntetisk cannabis. Seinast i juni beslagla Tollvesenet på Sørlandet 60 gram av stoffet. Det er det hittil største beslaget på Sørlandet. Mengda tilsvarar ein stad mellom 200 og 250 brukardosar.

Kontrollsjef Helge Breilid

Helge Breilid er kontorsjef ved Tollvesenet i Kristiansand.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

– Det er eit skremmande stoff med tanke på at du kan få så mange dosar. Det har vore trenden dei siste åra at dette har auka i omfang. Folk sit heime og bestiller stoffet på internett, seier kontorsjef ved Tollvesenet i Kristiansand, Helge Breilid til NRK.

All post som kjem frå utlandet går innom postterminalen i Oslo. På grunn av store mengde post er det mange brev og pakkar som aldri vert kontrollert.

Ein mistenker difor at det er mange pakkar og brev som inneheld syntetisk cannabis som aldri vert oppdaga.

Syntetisk cannabis er berre eitt av fleire syntetiske rusmiddel som fins i Norge. Ifølgje Aftenposten har om lag 30 nordmenn mista livet etter bruk av det syntetiske amfetaminliknande stoffet PMMA.

Fleire beslag

På Sørlandet er Tollvesenet no i ferd med å lære opp ein hund som kan snuse seg fram til stoffet. Dei samarbeider mellom anna med svensk Tollvesen om dette.

– Utfordringa er at det stadig er endringar i den kjemiske samansettinga. Det gjer at det er utfordrande å avsløre innførsel av stoffet, seier Breilid.

Politiet på Agder åtvara sterkt mot syntetisk cannabis allereie for fleire år sidan. John Tomas Homme i Agder-politiet innser at åtvaringa ikkje har hjelpt.

– Vi registrerer auke i talet på beslag. Særleg det som vert teke ved hjelp av Tollvesenet via post. Kvantumet har auka. Vi registerer at både unge og eldre nyttar stoffet, seier han.

– Syntetisk cannabis er ekstremt mykje sterkare enn vanleg cannabis. Det er ikkje lett for den enkelte brukar å vite styrkeforholdet. Moglegheita for ei dose som er altfor sterk er relativt stor, seier Homme.

Beslag av syntetisk cannabis

Syntetisk cannabis blir ofte levert i små dekorerte posar. (Arkivfoto)

Foto: Kripos

Narkomane vert skremde

Både politi, Tollvesen og tilsette som jobbar med narkotikaførebygging i kommunane er sterkt uroa for at fleire og fleire brukar stoffet.

– Du har ingen kontroll med styrken på stoffet. Folk som har rusa seg i ti år, som har prøvd syntetisk cannabis, fortel at dei aldri skal prøve det igjen. Dei har rett og slett blitt skremde, seier politibetjent Linda Erlandsen.

Erlandsen er stadig i kontakt med personar som har prøvd stoffet.

– I alle avhøyr som handlar om narkotika spør eg om personen har prøvd syntetisk cannabis. Alle som svarar ja fortel at dei aldri skal bruke det igjen, seier ho.

– Forstår ikkje kor farleg det er

Syntetiske rusmiddel er relativt nytt i Norge. Første gong politiet kom over stoffet var i 2008. Overlege ved St. Olavs Hospital i Trondheim, Andreas Westin, var med på å analysere den første prøva av syntetisk cannabis.

– Vi fekk den frå ein avrusingsinstitusjon der fleire brukarar framstod som rusa, men likevel testa negativt på alle rusmiddelprøvene. Til slutt var det nokon som innrømte at dei hadde teke noko dei kalla syntetisk hasj, seier han.

– Kvifor er dette så farleg?

– For det første er stoffa fullstendig ukjende for oss. Andre rus- og legemiddel er testa på dyr eller menneske. Det kjem to nye stoff på marknaden kvar veke. Vi veit rett og slett ingenting om dei. I tillegg er det mykje sterkare enn vanleg cannabis, seier Westin.

Ekspertar meiner at overdoserisikoen er stor nettopp fordi ein aldri veit kva stoffa inneheld.

– Mange forstår ikkje kor farleg dette kan vere. At det er lett å få tak i kan gje eit inntrykk av at det er ufarleg, noko det absolutt ikkje er. I forhold til andre stoff er det veldig lett å vere kategorisk. Det er kjempefarleg, seier overlegen.

St. Olavs Hospital og Ceciliebrua

St. Olavs Hospital i Trondheim analyserer prøver og kan påvise bruk av syntetisk cannabis.

Foto: Tor Beisvåg

«Eg var redd rusen aldri ville gå over»

NRK har tidlegare snakka med fleire som har prøvd stoffet. I 2013 fortalde ei 17 år gammal jente frå Sørlandet korleis ho opplevde å bruke stoffet.

Jente anonym

For to år sidan fortalde ei 17 år gammal jente om korleis det var å bruke syntetisk cannabis.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

Ho hadde røykt hasj over fleire år, men vart skremd då ho prøvde syntetisk cannabis.

– Eg sat i sofaen og berre rista, medan han som sat ved sidan av meg sat og lo. Ein annan kamerat ville berre døy. Eg var redd rusen ikkje ville gå over, for eg hadde aldri opplevd ein så sterk rus før. Rusen varte i ein og ein halv time, men det føltest som ein heil dag, fortalde ho.

I førre veke skreiv NRK at Ullevål sykehus får inn ungdommar som er så ville at dei må tilkalle politiet.

– I enkelte tilfelle må vi legge dei i kunstig koma og pustemaskin i påvente av at desse stoffa skal gå ut av kroppen. Då snakker vi om eitt til to, kanskje tre døgn, seier Dag Jacobsen, overlege ved akuttmedisinsk avdeling på Ullevål sykehus.

Syntetisk cannabis kan også vere psykoseframkallande og kan gje hjarteinfarkt.

En 17 år gammel jente fra Kristiansand havnet i psykose etter å ha brukt syntetisk hasj. Stoffet kan være hundre ganger sterkere enn vanlig hasj, og nå advarer hun andre mot rusmidlet.

Sjå reportasje der ei 17 år gammal jente fortel om då ho brukte syntetisk cannabis. (2013)

Opererer med leveringsgaranti

Ifølge Andreas Westin vert mykje av stoffet produsert i Kina. Tollvesenet i Kristiansand har gjort fleire beslag av syntetisk cannabis som er sendt frå England.

– Vi veit at mange seljarar opererer med leveringsgaranti. Dersom sendinga vert beslaglagt eller aldri kjem fram, så får dei tilsendt nytt stoff, seier Linda Erlandsen i politiet i Søgne og Songdalen.

Bruk av vanleg cannabis kan enkelt avslørast i ei ordinær urinprøve. Syntetisk cannabis er langt vanskelegare å påvise. Då må det tyngre analyser til. Ei slik analyse kostar kring 700 kroner.

– Politiet har ikkje råd til å sende alle prøver til ei slik analyse. Difor er det mindreårige som vert prioritert, seier Erlandsen.

Stoffet er som regel pakka inn i plastikkbehaldarar eller små posar med dekorasjon.

– Vi har til dømes møtt folk som har trudd at det var fotballkort i posen. Dersom foreldre har mistanke om at barnet brukar syntetisk cannabis bør dei ta kontakt med politiet. Så vil vi vurdere å sende det til analyse, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %