Hopp til innhold

Her blir Basse ryggskada etter skremming på japansk tv

Eit japansk tv-team «sprengde» salaten til Basse i lufta for å skremme han. Basse vart så skremd at han pådrog seg ein skade i ryggen.

20 millioner japanske tv-seere har nå sett Basse Andersen bli skremt, i det populære programmet "Sekai no hate made ItteQ". Men basse får ryggskader etter all skremmingen.

VIDEO: Sjå det japanske stuntet her.

Lettskremde Basse ante fred og inga fare då han skulle ete salat på ein restaurant, saman med eit japansk tv-team. Så gjekk salaten i lufta.

– Eg øydela meg. Dagen etter kom eg meg nesten ikkje ut av senga. Eg gjekk i tre veker med smerter i ryggen, seier Basse Andersen til NRK.

Det var i mai at japanarane var i Arendal for å lage eit innslag om lettskremde Basse. Dei møtte sørlendingen på ein restaurant.

– Så eksploderte salaten

Utan at han visste noko som helst hadde dei plassert ut fleire kamera i lokalet. I tillegg hadde dei plassert ei lita bombe i salaten som vart servert.

– Eg er jo så dum veit du, og tenkte ikkje på at dei kanskje kom til å skremme meg. Så eksploderte salaten. Det var ei bombegreie som var fjernstyrt. Eg slo rundt meg i stolar og bord, ler han.

Andersen er aktiv i korps i Arendal. Ryggskaden gjorde at han nesten gjekk glipp av 17. mai.

– Fader no ryk heile 17. mai tenkte eg, men eg klarte å karre meg opp, seier han.

– Det var berre moro, herregud. Men det er første gang eg har slått meg. Tenk deg sjølv når det smell i salaten din, ler han.

Vart rikskjendis

Basse vart rikskjendis då NRK.no skreiv om han i desember i fjor. I ettertid har han blitt vist både på tysk og amerikansk fjernsyn. Mellom anna vart deler av reportasjen sendt på The Ellen Show i USA. I tillegg var han gjest i NRK-programmet Lindmo.

– Eg får framleis spørsmål og kommentarar frå folk kvar einaste dag. Eg kosar meg med det og tykkjer det er veldig hyggeleg, seier han.

For eit par veker sidan opplevde han å bli skremt rett utanfor heimen sin i Arendal. Han stod og prata med ein nabo då ein forbipasserande plutseleg skreik inn øyret hans.

– Då kvakk eg og banna og steika. Så var jo dette i kyrkjetid, så eg måtte jo beklage meg til folk som var på veg til kyrkja. Men dei lo av det dei også, men akkurat det var litt ekkelt, ler han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %