Hopp til innhold

A-ha spelte inn ny musikkvideo på Sørlandet

A-ha reiste til Arendal og Nissedal for å spele inn comeback-videoen «Under the Make-Up».

Bandet hadde også med seg den danske skodespelaren Sofie Gråbøl på innspelinga.

Canvas Hotel

A-ha budde og spelte inn deler av musikkvideoen her på Canvas Hotel i Nissedal i Telemark.

Foto: Odd Rømteland/NRK
Jan Fasting

Jan Fasting frå Arendal driv Canvas Hotel.

Foto: Odd Rømteland/NRK

Gråbøl har mellom anna hatt hovudrolle i krimseriane «Forbrytelsen» og «Fortitude» som begge har gått på NRK1.

I tillegg var den svenske modellen og skodespelaren Frida Farell med på innspelinga av filmen.

– Dei nekta å reise vidare

I fleire dagar budde bandet på Canvas Hotel i tjukkaste skogen i Nissedal i Telemark der også deler av filmen er spelt inn. Jan Fasting frå Arendal driv hotellet.

– Dei nekta å reise vidare. Dei var eigentleg booka inn på eit anna hotell, men trivast så godt her at dei overnatta, seier Fasting til NRK.

I vinter vart Canvas Hotel kåra til eitt av Europas 100 beste hotell av det tyske reiselivsmagasinet Geo Saison.

Det var ikkje berre Fasting sitt hotell i Telemark som vart brukt i musikkvideoen. I videoen ser vi og ein syngande Morten Harket med kvite trehus og sørlandsmiljø i bakgrunnen.

A-ha spiller inn musikkvideo i Telemark

Her er Lars Aakre Melås, Morten Harket og Per Aakre Melås føre ein sportsbil som vart brukt under innstillinga av musikkvideoen.

Foto: Tor Jørgen Melås

Arendal endra planane

– Det er Merdø vi ser i bakgrunnen. Innspelinga vart gjort på seglbåten min i Revesandsfjorden, seier Fasting.

Det var ikkje opphavleg planen at Arendal skulle vere med i videoen.

– Men så såg dei at det passa inn i historia, seier Fasting.

Videoen er laga av det uavhengige musikkvideoproduksjonsselskapet Animal Kingdom med base i Berlin, og regissør er tyske Bode Brodmüller.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %