Hopp til innhold

–You're not him, are you?

Det er langt frå Volvo Maskin i Kristiansand til regjeringskontora i Kreml. Men utsjånadmessig er det ikkje stor avstand mellom mekanikar Arne Lie og ein av verdas mektigaste menn.

Folk snur seg etter han på gata, Arne Lie frå Kristiansand er nemleg særs lik Vladimir Putin.

Når Arne Lie aka Valdimir Putin lager steinandlet, er han slåande lik statsleiaren.

– Eg har eigentleg ikkje reflektert så mykje over det, men eg har jo lagt merke til at det er enkelte folk som stirar litt etter meg.

Arne Lie

Arne Lie og kollegaene har hatt det mykje moro med den store likheita til Lie og den russiske politikaren. Likheita blir ikkje noko mindre når Lie har fått på seg dressen.

Foto: Kai Stokkeland / NRK
UKRAINE-CRISIS/PUTIN Russia's President Vladimir Putin chairs a session of the State Council Presidium in Voronezh

Russlands president Vladimir Putin regnes som ein av verdas mektigaste menn.

Foto: RIA Novosti / Reuters
Kjell Elvis

Kjell 'Elvis' Bjørnestad frå Lyngdal har gjort stor karriere på å likne rockekongen.

Foto: Nine Kristiin Vraa / NRK
Ligner på Putin

Are you mr. Putin? Det lurer mange på.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

Arne Lie er maskinmekanikar, og har jobba på verkstaden til Volvo Maskin i Kristiansand sidan 90-talet. Kollegaene hans fortel at kundar ofte reagerer på likheita mellom Lie og den russiske politikaren.

– Det er mange som snakkar om Putin når vi er rundt, og dei spør om han mekanikaren som liknar på Putin, seier kollega Jørn Erik Røch.

– You look like him!

Det kan gi store karrieremoglegheiter både nasjonalt og internasjonalt å likne på ein kjent person. Det er Elvis-imitator, Kjell Henning Bjørnestad frå Lyngdal, eit bevis på.

NRK tok med seg Lie til næraste kjøpesenter, bytta ut arbeidsdressen med ein dress, og sminka han så han skulle likne endå meir på Putin.

Sjå videoen øvst i saka for å sjå korleis folk reagerte då ein dresskledd Putin look-a-like vandra rundt på Sørlandssenteret.

Men sjølv om Arne Lie innser at han kunne gjort karriere som Putin-imitator, så likar han seg best i verkstaden i Kristiansand.

– Her kan eg få fikse og skru på Volvo.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %