– Dei kjem til å vere ekstremt revansjesugne. Vi må opp eitt eller to gir i forhold til vi pleier for å slå Haslum, seier ØIF-trenar Marinko Kurtovic til NRK.
Haslum er eitt av laga som er venta å kjempe om medalje i eliteserien, men gjekk på ein uventa smell i førre serierunde.
I helga tapte dei nemleg 19–25 på heimebane mot nyopprykka Kolstad som dermed tok sin første siger i eliteserien.
– Må vere på hogget
– Det var veldig overraskande. Eg hadde ikkje trudd at det skulle skje. Men serien er jamn. Vi må vere på hogget, seier Kurtovic.
ØIF Arendal har fått ein fantastisk start på sesongen. Sett bort ifrå sjokktapet mot 1. divisjonslaget Follo i cupen står arendalittane med fire sigrar av fire moglege i eliteserien.
Dermed nærmar dei seg klubbrekorden frå i fjor då dei vann sju strake kampar.
ØIF Arendal har vunne alle sine fire første seriekampar i eliteserien. Onsdag jaktar dei sin femte når Haslum kjem på besøk til Arendal.
Fleire på skadelista
Arendalittane toppar tabellen med full pott eitt poeng føre Fyllingen Bergen.
– Vi må vere på vakt i denne kampen. Haslum kjem garantert til å vere på frå start. Men eg trur det blir ein veldig jamn kamp, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen.
Arendalittane har ei rekkje spelarar på skadelista og dermed fleire usikre kort før onsdagens oppgjer. Både Sondre Paulsen, David Svenningsen og Lars Erik Bjørnsen er ute med skade. I tillegg er Markotic usikker.
– Vi er i ein krevjande periode der vi må gjere ein del endringar på laget. Men vi må gjere det beste vi kan ut av situasjonen, seier Michelsen.