Hopp til innhold

– Vi kunne ha fått med oss poeng

Trass i bekmørk kampstatistikk meiner Start-trenar Mons Ivar Mjelde at laget hans var fullt på høgde med Strømsgodset.

Se intervju med Start-trener Mons Ivar Mjelde etter kampen mot Strømsgodset.

Sjå intervju med Start-trenar Mons Ivar Mjelde etter tapet mot Strømsgodset.

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg tykkjer ikkje at Strømsgodset er betre enn at vi kunne ha fått med oss eitt poeng og kanskje burde ha klart å vippe kampen til vår favør. Men akkurat i dag klarer vi ikkje det, seier Mjelde til NRK.

Mons Ivar Mjelde

Start-trenar Mons Ivar Mjelde på sidelinja under oppgjeret mot Godset.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix
Start

Rolf Daniel Vikstøl, Matthias Vilhjalmsson og Kristofer Ajer deppar etter tapet for Strømsgodset.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix
Sør Arena

Start inviterte til fest og delte ut gratisbillettar for å fylle stadion. Over 9000 tilskodarar måtte gå skuffa heim.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Start tapte «berre» 0-1, men kampstatistikken viser at gjestene frå Drammen var totalt overlegne i det meste.

Statistikk frå nifs.no viser at Strømsgodset hadde åtte avslutningar på mål. Start hadde null. Totalt hadde Godset 17 avslutningar. Start hadde åtte.

Klasseredningar

I første omgang var det klasseskilnad på dei to laga. Strømsgodset køyrde over sørlendingane. Berre ein svært god Håkon Opdal i Start-målet hindra Godset i å score.

– Håkon Opdal har nesten vore som ein levande vegg. Det er nesten utruleg at Godset ikkje leiar til pause, sa NRKs fotballekspert Karl-Petter Løken etter dei første 45 minutta.

– Hadde det ikkje vore for Opdal kunne Strømsgodset ha scora både ein, to og tre gonger, sa Cmore-ekspert Steffen Iversen.

Likevel meiner Mons Ivar Mjelde at det like gjerne kunne ha vore Start som hadde teke alle poenga.

– Vi var fullt på høgde med Godset. Det er forbaska irriterande at vi er så slappe i presset på scoringa. Det var ein jamn kamp som kunne ha bikka begge vegar, sa Mjelde til Cmore rett etter kampslutt.

intervju i mixed zone på sparebanken sør arena

Sjå intervju med Kristoffer Ajer etter tapet mot Strømsgodset.

Ajer: – Ekstremt dårleg

Start delte ut mange gratisbillettar for å fylle tribunene til kampen mot Strømsgodset. Klubben inviterte til fest, 9200 tilskodarar gjekk skuffa heim.

– Vi leverte til null og spelte ein ekstremt dårleg kamp. Det er synd, for eg ville eigentleg at vi skulle spele bra i dag. Det var ein skuffande kamp, seier Ajer.

Strømsgodset-trenar Bjørn Petter Ingebretsen meiner at laget hans vann fullt fortjent.

– Vi hadde klart flest sjansar og hadde ballen mest spesielt i første omgang. Eg føler vi vinne ein fortjent siger, seier han.

intervjuer i mixed zone

Sjå intervju med Strømsgodset-spelar Iver Fossum og trenar Bjørn Petter Ingebretsen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %