Hopp til innhold

– Vi har verkeleg funne forma

ØIF Arendal står med fire strake sigrar etter gårsdagens triumf mot nyopprykka Lillestrøm på bortebane.

Svenn Erik Medhus, ØIF Arendal

Svenn Erik Medhus jobbar med

Foto: Sander Heggheim/NRK

– No har vi verkeleg funne forma alle saman. Det er deilig å lukkast litt, seier ØIF-keeper Svenn Erik Medhus til NRK.

Etter ein turbulent fjorårssesong med tidleg cup-exit, trenarsparking og kamp i botnen av tabellen, er situasjonen ein heilt annan denne sesongen.

Ny optimisme

Klubben er klar for kvartfinale i cupen mot Lillestrøm. I tillegg kan dei innta tabelltopp i serien med siger mot Halden på heimebane neste onsdag.

– Eg trur mykje av grunnen rett og slett er at det er ein ny sesong. Vi har lagt bak oss det som skjedde i fjor. I tillegg har vi fått inn nokre gode signeringar, nye spelarar og ny trenar, seier Medhus.

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

Marinko Kurtovic tok over som trenar i mai.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Marinko Kurtovic tok over trenaransvaret i ØIF Arendal i mai.

I tillegg signerte klubben mellom andre landslagsspelar Magnus Jøndal og svenske Marcus Dahlin, som mellom anna har spelt i Meisterligaen.

No drøymer Medhus om cupfinale og klubbens første medalje i eliteserien.

– Det er eit hårete mål, som det hadde vore utruleg gøy å innfri. Vi har og målsetning om å komme til semifinale i sluttspelet. Målet er å vere med på alt heilt inn, seier keeperen.

– Vi sette oss tøffe mål i fjor også. Då klarte vi ikkje å innfri, seier Medhus.

Imponerande resultat

Denne sesongen har han tru på at klubben vil klare å nå måla sine.

– Vi veit kva som bur i dette laget. Vi har ei utruleg tru på oss sjølve, men vi veit at det krev ein vanvittig jobb, seier Medhus.

ØIF Arendal har blant anna slått Fyllingen to gonger denne sesongen. I tillegg har dei slått gullfavoritt Elverum.

Einaste tapet så langt kom mot Bodø på bortebane i seriepermieren.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %