Hopp til innhold

– Vi har ikkje nok lyst til å vinne

ØIF Arendal sin draum om å komme til Meisterligaen neste sesong vart knust mot Bækkelaget.

Marinko Kurtovic og Einar Ingi Hrafnsson

Marinko Kurtovic og ØIF Arendal er ute av handballsluttspelet. (Arkivfoto)

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er utruleg kjipt. Det er sluttspelet som har noko å seie i løpet av sesongen. Då er det kjipt at det endar slik, seier kaptein Eirik Heia Pedersen til Agderposten rett etter kampslutt.

For andre år på rad rauk seriemeisteren ut av sluttspelet i kvartfinalen.

To strake heimetap

Varsellampa byrja å lyse allereie i den første av dei tre kvartfinalekampane mot Oslo-klubben.

Bækkelaget vann den første kampen 25–27 i Sør Amfi. ØIF slo tilbake og vann returkampen i Oslo onsdag då dei vann 27-21, og sikra dermed ein tredje og avgjerande kamp.

Der vart det altså bom stopp. Bækkelaget var best frå første kast og vann fullt fortent 32–27 i Sør Amfi.

– Jævlig tungt

– Vi er ikkje på. Det verkar nesten som om vi ikkje har lyst til å vinne for tida. Sør Amfi skal vere vår stove. Når vi ikkje klarer det er det jævlig tungt. Det er ikkje noko god kjensle i dag, seier strekspelar Lauritz Rannekleiv til Agderposten.

Både keeper Svenn Erik Medhus, Magnus Jøndal og Eirik Køpp spelte sin siste kamp for ØIF. Medhus legg opp, medan Jøndal skal spele i dansk toppserie neste sesong. Køpp går til Haslum.

ØIF Arendal står att med gull i serien etter denne sesongen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %