– Eg har hatt mange jobbar i ulike bedrifter. Men eg får aldri nokon jobb over lang tid. Eg har førarkort, truckbevis og kranbevis, men ingen vil ha meg, seier Quejji til NRK.no.
– Eg har budd i Norge i elleve år, men har framleis ikkje fått meg ein jobb. Det er frustrerande for eg vil gjerne jobbe, sier Badikhel.
JOBBAR: Stephan Galdanes i sving med målekosten.
Foto: Sander Heggheim/NRKSistnemnde kom aleine til Norge frå Afghanistan for elleve år sidan. Kona bur framleis i heimlandet.
– For at ho skal kunne komme til Norge må eg vise til ei fast inntekt. Det har eg ikkje. Det er tungt og kjedeleg å vere her heilt aleine. Det har gått lang tid no, seier han.
For dårleg i norsk
Som oftast er det manglande norskkunnskapar som gjer at duoen ikkje blir lenge i kvar jobb. I sommar får Qejji og Badikhel jobb gjennom Nav i Kristiansand. Der skal dei blant anna måle hus, kløyve ved og lære norsk.
– Mange av dei som er her slit med å bli gode nok i norsk til å få ein ordinær jobb. Det er eitt av måla her i sommar, seier koordinator i Nav, Maghild Thoresen.
Vi sit på båten frå Auglandsbukta i Kristiansand, som skal ta oss ut til Bragdøya utanfor byen. Totalt har opp mot 15 personar med sju ulike nasjonalitetar fått jobb gjennom Nav. I sommar og eitt år framover får dei arbeidsoppgåver og løn gjennom Nav.
I tillegg til innvandrarar med dårlege norskkunnskapar er ungdommar utan utdanning og særleg arbeidserfaring med. Også ungdommar utan sommarjobb har fått plass.
TUNGT: Per Henning Kristiansen opplever det som vanskeleg å komme inn på arbeidsmarknaden. - Sørlandet er kanskje ein tøff stad for arbeidssøkjarar. Eg er. Det er tøft, men eg er glad eg får moglegheita her, seier han.
Foto: Sander Heggheim/NRK– Har ikkje fått sjansen
– Mange av dei er veldig flinke, men har rett og slett ikkje fått sjansen på arbeidsmarknaden, seier Thoresen.
I april var over 74 000 heilt utan arbeid i Norge. Tal frå Nav viser også at 11 000 vart uføretrygda i dei tre første månadene i år.
Målet med opplegget til Nav i Kristiansand er blant anna at deltakarane skal få arbeidserfaring og ei moglegheit til å komme inn i arbeidsmarkanden.
23 år gamle Cathrine Viken har lenge prøvd å skaffe seg ein jobb, men opplever det som nærast umogleg å komme inn på arbeidsmarknaden.
– Det er veldig vanskeleg akkurat no. Dersom du ikkje har utdanning eller jobberfaring slit du veldig. Eg har opplevd veldig mange stengde dører, seier ho.
GOD INNSATS: Nav-koordinator Magnhild Thoresen er imponert over innsatsen til gjengen som jobbar på Bragdøya i sommar. - Dei står på og er kjempeflinke, seier ho.
Foto: Sander Heggheim/NRK
– Vanskeleg å stå utanfor
I dag skal ho måle ein villa på Bragdøya. Bøtta med måling og målekost står allereie klar. Då er det berre å klatre opp i stillaset og setje i gang.
– Mange arbeidsgjevarar er negative til at vi ikkje har jobb. Har du ikkje jobb eller jobberfaring kjem du deg ikkje ut på marknaden. Dei vil berre ha erfarne folk. Det er veldig vanskeleg når du står utanfor, seier Viken.
No håpar både ho og dei andre i gruppa at arbeidserfaringa dei får på Bragdøya utanfor Kristiansand vil vere ein nøkkel inn i arbeidslivet.
– Vi snakkar ikkje så mykje om det endå. Dei fleste av oss er nok litt skeptiske til å få seg jobb endå, men eg trur det er godt mogleg at dette vil hjelpe, seier ho.
Glad for å jobbe
– Slik det er no må du ha ein referanse eller du må kjenne nokon i bedrifta for å få jobb. Det er vanskeleg. Men eg er veldig glad for å få denne moglegheita. Forhåpentlegvis er eg endå betre i norsk og står betre rusta når eg er ferdig her, seier Ammanuel Qejji.
– Eg ynskjer berre å få meg ein jobb. Det har vore elleve tunge år, seier Taj Ali Khan Badikhel før han går i gang med å flytte plankar frå ein stad til ein annan.