Hopp til innhold

– Ulven skremmer bort elgen

Jegerar og viltekspertar meiner at ulven må ta skulda for ei elendig elgjakt i Aust-Agder.

Ulv

Jegerar i Aust-Agder meiner at ulven skremmer bort elgen i elgjakta.

Foto: Per Løchen / Scanpix

– Fleire av jaktlaga i Gjerstad har avslutta årets elgjakt utan å felle eit einaste dyr. Andre har avslutta etter å berre ha skote ein liten del av kvoten, seier leiar av Gjerstad Viltlag, Helge Røed til Agderposten.

Ifølgje avisa er det berre felt 29 elg i Gjerstad. Der har dei ei kvote på totalt 85 dyr i år. I fjor vart det skote 67 elg i Gjerstad.

I andre jaktområde vert det meldt om gode resultat, men i tradisjonelt gode område har det vore felt færre elg enn normalt. I Åmli har jegerar funne fleire elgkadaver under jakta

– Det litt spesielle i Åmli i år er at vi har funne ein del døde dyr, mykje meir enn vanleg, og spesielt i vestlege delar av kommunen. Det er mistanke om at ulven står bak, utan at eg kan slå det fast, seier Ola Vehus i Åmli kommune til avisa.

Øyvin Froland som er leiar av viltnemnda i Froland og leiar for alle viltnemnder i Aust-Agder meiner ulven må ta mykje av skulda for ei dårleg jakt.

– Det er ikkje tvil om at ulven spelar inn på jakta og kan vere skuld i dårlege resultat fleire stader, seier han til Agderposten.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %