Hopp til innhold

– Uetisk av dyreparken å avlive friske dyr

Miljøpartiet De Grønne meiner dyreparken i Kristiansand opptrer uetisk når dei avlivar friske dyr. Veterinær seier dyrevelferd ikkje nødvendigvis er synonymt med eit langt liv.

Sebra Dyreparken

Dette biletet frå dyreparken i Kristiansand har ført til stort engasjement rundt dyrevelferd. Miljøpartiet De Grønne i Kristiansand meiner Dyreparken opptrer uetisk.

Foto: privat

I april kunne besøkande i dyreparken i Kristiansand sjå ein hovudlaus sebra.

Parken forklarte då at dei avlivar dyr om dei har for mange av dei. Dyret vert deretter tiger- eller løvemat.

Morten Tønnessen

Leiar i Miljøpartiet De Grønne i Kristiansand, Morten Tønnessen, meiner praksisen til dyreparken er uetisk.

Foto: Miljøpartiet De Grønne

Morten Tønnessen, leiar i Miljøpartiet De Grønne i Kristiansand, reagerer på praksisen og meiner den er problematisk.

– Eitt av argumenta som gjerne brukast for at dyra kan ha det greitt i dyrepark er at der kan dei få godt stell og leve lenge, og ofte lengre enn dei lever i vill tilstand. Men viss dei avlivast meir eller mindre vilkårleg fordi dei er overtalige, så er ikkje dette tilfellet.

Tønnessen meiner dette vitnar om dårleg planlegging frå dyreparken si side.

– Dette er uttrykk for dårleg planlegging. Dyreparken har også ansvar for å planlegge slik at dei har moglegheita å gi eit godt liv og godt stell til dei dyra dei tek til seg og lar bli født.

– Lever lenger i dyreparken enn dei ville gjort i naturen

Tønnessen meiner det i slike tilfelle er dårleg dyrevelferd å avlive dyra.

– Det er ei heilt anna sak om det er fordi det er til dyrets beste viss det er sjukt, men det er det heilt klart ikkje viss det er snakk om friske dyr.

Veterinær i dyreparken, Rolf-Arne Ølberg, seier det ikkje handlar om verken mangel på etikk eller dårleg planlegging.

– Dyrevelferd handlar om kvaliteten til dyret når det lever, og det er vi veldig opptekne av. Vi er ueinig i at vi har eit ansvar for at alle dyra skal leve til dei blir gamle.

Ølberg seier han er glad folk engasjerer seg for dyrevelferd, og at det gjeld unntaka at dyr blir avliva.

– Det er snakk om relativt få dyr som avlivast. Dei fleste dyra i dyreparken lever lange liv, og dei lever mykje lenger enn dei ville levd i naturen.

Rolf Arne Ølberg, dyreparken

Veterinær i dyreparken, Rolf-Arne Ølberg, seier dei fleste dyra i parken lev mykje lengre liv enn dei ville gjort i det fri.

Foto: Pressefoto

– Dyra bør få full livslengd

Tønnessen i Miljøpartiet meiner det er viktig at dyra får ha full livslengd.

– I ein dyrepark har vi moglegheit til å gi trygge kår gjennom eit fullt liv, og det er heilt klart i det enkelte dyrets interesser.

Veterinær Ølberg seier døyelegheita er mykje lågare i dyreparken enn kva ho er i naturen.

– For ein del dyr som får mange barn så ville kanskje halvparten døydd første leveår eller innan berre nokre få månader om det hadde vore i naturen. I dyreparken overlever dei aller fleste, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %