Hopp til innhold

– Trist at dette skjer i eit lokalsamfunn

4000 liter diesel hamna i sjøen i Andabeløy etter sabotasje i desember i fjor. No utlovar bedrifta ein dusør på 50 000 kroner for tips.

Dieselsabotasje

Slik såg dieselslangen ut etter at nokon har delt den i to.

Foto: Privat

Natt til laurdag 19. desember i fjor blei ein dieseltank tilhøyrande Øyna Sjøtransport AS mest sannsynleg utsett for sabotasje.

Ein slange til ein drivstofftank var skoren av, noko som førte til at nærare 4000 liter diesel hamna i sjøen i Andabeløy i Flekkefjord.

– Det er nokså uforståeleg for meg kvifor nokon skulle skjære av den slangen.

Det seier dagleg leiar i Øyna sjøtransport AS, Thomas Syvertsen.

Fann kniv på staden

Sjølv går han ut ifrå at det er ein sabotasje, då dei dagen etter fann ein kniv saman den avskorne slangen.

– Utover den økonomiske biten så er det nokså trist at det skal skje sånt i eit lite lokalsamfunn med åtti menneske, seier Syvertsen.

Det var ein lokal fiskar som oppdaga at det hadde lekt diesel ut i fjorden.

– Det er klart at det har mykje å seie for miljøet at nesten fire tusen liter diesel hamnar i sjøen. Men det har ikkje fått nokre følgjer som vi veit om.

Øyna sjøtransport

Øyna sjøtransport utlovar dusør til dei som veit noko om sabotasjen.

Foto: Privat

50 000 kroner i dusør

Måndagen etter det skjedde, anmeldte bedrifta hendinga. Sidan dette har dei ikkje høyrt noko frå politiet.

Ifølgje Syvertsen står etterforskinga på staden hvil.

– Politiet hadde ikkje eingong tid til å kome å sjå på det. Per dags dato har ikkje politiet sett på tanken og slangen i det heile teke. Dei har fått kniven og ein bit av slangen, og skal prøve å finne noko spor på det.

Sendt til analyse

Politibetjent Tove Britt Glendrange seier dei arbeidar med etterforskinga.

– Det har vore gjennomført vitneavhøyr, og dieseltanken er sendt til analyse, seier Glendrange.

Glendrange opplyser at dei ikkje har mistenkte i saka, og at etterforskinga pågår.

Bedrifta har no utlovt ein dusør på 50 000 kroner for å få inn tips. Men tipsa let vente på seg.

– Vi har fått inn noko sannsynleg, og noko forskjellig etter dusøren også. Men det vil vise seg i ettertid om det vil føre til noko.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %