Skogbrannfaren er størst i Gjerstad. Der set brannvesenet inn ekstra ressursar.
– Vi styrkjer vaktberedskapen i Gjerstad for å sikre at vi har mannskap tilgjengeleg om det skulle bryte ut ein brann, seier brannsjef Dag Svindseth til NRK.
Skogbrannindeksen ligg på 90 i Gjerstad. Grensa for særs stor skogbrannfare er på 70.
– Det er veldig tørt også andre stader enn i Gjerstad. Det er stor fare både i Aust- og Vest-Agder, seier brannsjefen.
– Vi ber folk vere ekstra forsiktige og passe bruken av open eld i skog og mark. Folk må tenke seg om før dei fyrer opp, seier Svindseth.
Lite snø og varmt vêr er årsaka til den store brannfaren.
– Det vil hjelpe litt når det byrjar å spire og det vert grønt ute. Men kombinasjonen lite snø og høge temperaturar gjer det er er veldig tørt så tidleg i sesongen, seier han.
- Les også: Advarer mot brannversting