Hopp til innhold

– Skulefritidsordninga burde ha nasjonal sats

Etter å ha vore dyraste SFO-kommune i landet har Lindesnes endra betalingssystemet, og gått kraftig ned i pris. – Vi burde ha ein nasjonal sats, meiner Foreldreutvalget for grunnopplæringen.

SFO burde hatt felles retningslinjer

Helge Woie (Foreldreutvalget for grunnopplæringen) skulle helst ha sett at SFO-ordninga hadde nasjonal sats.

Foto: Hannah Kolås / NRK

Etter å ha gått frå timebetaling til dagsbetaling har kommunen senka prisen med 20 prosent.

Marit Jaabæk, leiar for Nyplass SFO i Lindesnes, fortel at dette går ut over dei som brukar ordninga minst.

– For foreldra som har barn her betyr det at viss ein brukar SFO mykje så blir det billegare, men viss ein brukar SFO lite så blir det dyrare.

Burde hatt nasjonal sats

Lindesnes kommune har til no vore dyrast i landet for dei som nyttar seg av skulefritidsordninga, med ein månadspris på over 3000 kroner.

SFO Nyplass skole

SFO ved Nyplass skole i Lindesnes

Foto: Kai Stokkeland / NRK

Helge Woie frå Foreldreutvalget for grunnopplæringen meiner det er positivt om kommunen har kome fram til den nye modellen i dialog med foreldre, og om den dekkjer eit behov. Men helst skulle han sett at SFO-ordninga hadde nasjonal sats.

– Det er veldig stor ulikheit rundt om i landet, og innanfor skulesystem og barnehage er ein veldig oppteken av at alle skal ha like moglegheiter. Når det gjeld SFO så er det så ulikt innanfor kommunane og i landet elles at det blir fort forskjellar, og det er ei utfordring.

Kan stå fram som urettferdig

Woie forstår om det nye systemet til Lindenes kommune framstår som noko urettferdig for nokre av foreldra.

– Sidan dei har hatt eit system som har vore meir timebasert før, så kan det framstå som urettferdig for dei som berre brukar SFO i nokre timar. Det burde i og for seg vere betaling per dag, for det er uansett ikkje veldig mange timar det er snakk om. Ein kan òg risikere at nokre betalar for lite bruk.

Veldig uheldig

Dei høge SFO-prisane landet over uroar Woie, som meiner dette kan få store konsekvensar.

– Anten kan dei borna som verkeleg hadde hatt bruk for SFO, til dømes for å møte andre barn og å lære språk, bli tekne ut av ordninga fordi prisane er så høge. Eller så kan foreldre velje å jobbe mindre for å sleppe SFO-rekninga, og då har ein konsekvensar som er veldig uheldige.

Helge Woie i foreldreutvalget for grunnopplæringen er skeptisk til at priser for SFO varierer og er noen steder svært høye.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,43 kr
Dyrest kl. 20 1,54 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %