Hopp til innhold

– Seriegull er viktigare enn cupgull

Spelarar og trenar Marinko Kurtovic set eit seriegull høgare enn eit cupgull. Onsdag kveld kan ØIF Arendal vinne serien for første gong.

Sondre Paulsen, Marinko Kurtovic, Sander Heggheim

Sondre Paulsen og Marinko Kurtovic gler seg til kveldens serieavslutning.

Foto: Leif Dalen/NRK

– Det seier seg litt sjølv. Cupen vert avgjort i desember. Serien går over heile sesongen. Eg vil påstå at seriegullet er viktigare enn cupgullet. Cupgullet er litt meir tilfeldig, seier Kurtovic til NRK.

Med siger borte mot Runar onsdag kveld er klubben sitt første seriegull eit faktum. Klubben kan dermed sikre seg to av to titlar så langt denne sesongen.

Se magasin med ØIF Arendal før serieavslutningen mot Runar.

VIDEO: Sjå intervju med blant andre trenar Marinko Kurtovic, Sondre Paulsen og sportsleg leiar Per Carsten Michelsen.

– Heng veldig høgt

I desember vann sørlendingane cupfinalen mot Bodø i Oslo spektrum.

– Laget som vinn serien har vore gode over ein heil sesong. Då heng det veldig høgt å ta eit seriegull, seier Sondre Paulsen.

Også kaptein Eirik Heia Pedersen set eit seriegull litt høgare enn å vinne cupen.

– I serien presterer du over fleire kampar. Den står vel kanskje litt høgare. Men det var jo veldig moro med eit cupgull, seier han.

Kamp om poenga

ØIF Arendal har måtte kjempe for poenga i serieinnspurten. Både mot Bækkelaget, Drammen og Stord i dei tre siste kampane sat poenga langt inne.

Spelarane har tidlegare vedgått at nervane har sett sitt preg på prestasjonane. Det uroar ikkje trenaren før seriefinalen.

– Så lenge poenga kjem på konto har vi kontroll. Handballspelet har ikkje vore optimalt, men poengfangsten har vore optimal. Så lenge poenga kjem er eg ikkje så oppteken av korleis det ser ut, seier han.

Cupfinale ØIF Arendal

ØIF Arendal vann cupfinalen i desember.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %