– Nervane er der. Eg starta som trenar som 25-åring, og landslagstrenar som 33-åring. Eg var nervøs føre kvar einaste kamp. Eg tenkte at dette blir betre med åra, men det blir berre verre, ler Vipers-trenaren.
– Eg høyrer at mange trenarar og spelarar før konkurransar blir spurt «gler du deg?» «Ja ja. Vi gler oss enormt». Eg trur 90 prosent lyg. I beste fall så «gledgruar» dei seg, seier han.
Møter Byåsen i serieopninga
Gunnar Pettersen har mellom anna vore herrelandslagssjef i to periodar. Først frå 1989 til 1994. Så frå 2001 til 2008. I mellomtida var han også trenar i Larvik.
59-åringen har også hatt ei innhaldsrik spelarkarriere med 132 kampar og 445 mål.
Etter ei rekkje sesongar på nedre halvdel av tabellen skal Vipers no ta opp kampen med dei beste laga i landet.
I tillegg til Pettersen er fleire spelarforsterkningar henta inn. På sikt er målet å utfordre Larvik.
– Vi har mange nye spelarar, men eg føler vi er komme langt, seier Pettersen.
Trur på siger i serieopninga
Søndag leiar han Vipers Kristiansand i sin første seriekamp. Motstandar er Norges nest beste lag dei siste åra, Byåsen.
– Eg er spent, som dei fleste andre i klubben. Fordelen er at ingen ventar at vi skal slå Byåsen borte. Slik sett er det ein grei start. Det er vel stort sett berre Larvik som slår dei i Trondheim, seier Pettersen.
– Trur du at de kan slå dei?
– På vårt beste kan vi det. Vi har spelt åtte treningskampar. Er vi innom nivået som vi har hatt på vårt beste har vi reelle moglegheiter, seier trenaren.
- Les også: Politikarar reagerer på Vipers-signering
Tøff seriestart
Vipers Kristiansand får ein tøff start på sesongen.
I tillegg til Byåsen møter dei fjorårets bronsevinnar Tertnes, og regjerande seriemeister Larvik i løpet av dei fem første kampane.
– Fordelen er at vi er ferdig med tre av dei beste allereie etter fem kampar. Vi kan ha to poeng, eller vi kan ha åtte poeng etter dei fem første. Halden bør vi slå. Larvik borte slår vi ikkje. Dei har ikkje tapt på ein del år i serien, så det er naivt å tru, seier han.
Medan sportsleg leiar Peder Langfeldt og keeper Sakura Hauge siktar mot medalje, trur Pettersen at det blir tøft.
– Klarer vi topp fem trur eg vi skal vere veldig nøgde. Larvik er einaren, Byåsen toaren. Oppsal har forsterka seg desidert mest. Storhamar har vore oppi der. Då har du allereie fire. Då har vi ikkje nemnt hardtsatsande Glassverket og Tertnes. Topp fem blir hardt nok, seier Pettersen.